Hopp til innhald

Anette Thommessen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anette Thommessen
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 20. mai 1932
Paris
Død

6. desember 1994 (62 år)

Yrke menneskerettsaktivist
Språk fransk
Anette Thommessen på Commons

Anette Arosa Thommessen (20. mai 19326. desember 1994) var ein norsk aktivist som engasjerte seg for flyktningar.

Thommessen var fødd i Paris i Frankrike. Ho flytta til Noreg i 1954. Ho var ein av initiativtakarane til «En båt for Vietnam» som ei følgje av det vart ho formann i Vietnamflyktningens Venner. I 1982 vart ho informasjonskonsulent for flyktningar i Statens Attføringsinstitutt. Den stillinga hadde ho fram til 1985. Thommessen er kjend for å stifta organisasjonen NOAS (Norsk Organisasjon for Flyktningar og Asylsøkjarar) i 1984.

I 1993 fekk ho Humanistprisen frå Humanetisk forbund.

Thommessen er mor til finansmannen Christian Thommessen og venstremannen Olaf Henning Thommessen.