Christian Thommessen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian Thommessen
Fødd 30. november 1957
Yrke forretningsdrivande

Christian Henrik Thommessen (fødd 30. november 1957) er ein norsk siviløkonom og finansmann fødd i Oslo. Han er son av Anette Thommessen og bror til Olaf Thommessen. Han er gift med Cathrine Thommessen og har tre døtrer.

Thommessen vart fyrst kjend gjennom børseventyret til Media Vision på 1980-talet, men han har òg vore direktør i Norsk Hydro, IBM og Glamox.

Etter at utanriksminister Jonas Gahr Støre hadde arbeidd for kandidaturet hans, vart han sommaren 2006 direktør i FN sitt utviklingsprogram, UNDP, der han skal drive med utvikling av forretning i dei minst utvikla landa i UNDP-satsinga «Growing Sustainable Business».

Rett før han skulle flytte til New York med familien sin sommaren 2006, vart han innblanda i ei båtulukke i Lillesand, der både han og kona vart skadde. Han tilstod i etterkant å ha hatt promille under båtturen. Seinare godtok han ei bot på 50 000 kroner for dette.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]