Hopp til innhald

Angela Winbush

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Angela Winbush

Fødd18. januar 1955 (69 år)
FødestadSt. Louis i Missouri i USA
FødenamnAngela Lisa Winbush
AliasAngela L. Winbush (som låtskrivar og produsent)
OpphavUSA
AktivSidan 1977
SjangerR&B, soul, quiet storm, gospel, new jack swing
Instrumenttangentinstrument, vokal
Tilknytte artistarRené & Angela, René Moore, The Isley Brothers, Stephanie Mills, Lalah Hathaway, Sheena Easton, Stevie Wonder, Jay-Z, Notorious B.I.G.
PlateselskapHip-O, Mercury, Elektra, Island
Verka somSongar, låtskrivar, musikar
Gift medRonald Isley

Angela Lisa Winbush[1] (fødd 18. januar 1955)[2] er ein amerikansk R&B/soul-songar og låtskrivar som vart kjend i 1980-åra som ein del av R&B-duoen René & Angela. Ho fekk òg hittar som soloartist, som «Angel». Så langt har Winbush selt over ti millionar album og singlar verda over.[3]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Winbush var fødd i St. Louis i Missouri og voks opp med gospelmusikk og lærte å spele piano som barn. Ho hadde ingen planar om ein profesjonell musikkarriere då ho byrja å studere på Howard University i Washington, D.C., der ho tok ein grad i arkitektur. For å tene pengar til utgiftene, byrja ho å syngje på innspelingar og danna ein vokaltrio som varma opp for Van McCoy og Al Jarreau. Ho vart interessert i musikkindustien og endra fag for å ta ei musikkutdanning.

Kring 1977 sende Winbush ein demo til DJ-en Gary Byrd i New York. Han spelte demoen over telefon for venen Stevie Wonder, som ringde til Winbush og inviterte ho til Los Angeles. Medan ho song i bandet til Wonder, Wonderlove, lærte Winbush om å skrive og produsere songar. I 1980 møtte ho songaren-låtskrivaren Rene Moore gjennom Wonderlove-vokalisten Carolyn Dennis og dei byrja å skrive songar i lag, og danna etter kvart duoen René & Angela. I 1978 spelte den tidlegare Tower of Power-songaren Lenny Williams inn ein av songane deira, «Changes». Ein ven introdusere ho for Dr. Cecil Hale, ei sjef i Capitol Records som signerte duoen til selskapet. Dei gav ut to album, Wall to Wall og Rise. Ein annan René & Angela-song, balladen «I Have Learned to Respect the Power of Love», vart spelt inn av Alton McClain & Destiny på albumet deira i 1978. I 1985 fekk René & Angela kontrakt med Mercury. Det første albumet deira, Street Called Desire, selde til gullplate og inneheld R&B-hitten «Save Your Love» , med ein rap av Kurtis Blow, og «Your Smile». Ein tidlegare René & Angela-song dukka sidan opp med eit smell. Den første singelen frå Stephanie Mills-albumet Stephanie Mills i 1985 var «Stand Back» og på B-sida var ein coverversjon av «I Have Learned to Respect the Power of Love». Songen vart mykje spelt på radio, og kom ut på singel att som A-side og gjekk til topps på singellista i USA våren 1986.

Innan 1987 gjekk Winbush solo og fekk den første jobben som produsent på The Isley Brothers-albumet Smooth Sailing etter songaren i gruppa, Ronald Isley, nemnte for Warner Bros-sjefen Benny Medina at han ønskte å arbeide med gruppa som lagde «Your Smile». Etter å ha arbeidd i lag, vart Isley manager for songaren, og han ortsette å nytte Winbush som låtskrivar og produsent. Dei to gifta seg i 1993, men vart seinare skild.

Etter ho gav ut det tredje soloalbumet sitt, Angela Winbush, som nådde 12. plassen på R&B-lista i 1994, har Winbush stort sett arbeidd i bakgrunnen. Ho fekk og overvann livmorhalskreft tidleg i 2000-åra.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

År Album Plassering
US
[4]
US
R&B

[4]
1987 Sharp
  • Utgjeve September 1987
  • Selskap: Mercury
81 7
1989 The Real Thing 113 12
1994 Angela Winbush
  • Utgjeve 15. mars 1994
  • Selskap: Elektra
96 11

Samlealbum[endre | endre wikiteksten]

  • Ultimate Collection (2001, Hip-O)
  • Greatest Love Songs (2003, Hip-O)

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Plassering
US
R&B

[4]
US
[4]
1987 «Angel» 1
«Run to Me» 4
1988 «C'est Toi (It's You)» 47
«Hello Beloved» 26
1989 «It's the Real Thing» 2
1990 «No More Tears» 12
«Lay Your Troubles Down» 10
«Please Bring Your Love Back» 70
1994 «Treat U Rite» 6 117
«Inner City Blues» 49
1996 «Floatin' on Your Love» (med The Isley Brothers) 14 47
«—» syner til at singelen ikkje gjekk inn på lista

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Med Donald Byrd

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Angela Winbush - Biography». angelawinbush.com. Angela Winbush Official Site. Henta 5. juni 2018. 
  2. Jet Jan 21, 1982
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 5. januar 2013, henta 5. juni 2018 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «US Charts > Angela Winbush». Billboard. Henta 5. juni 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]