Gospel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gospel
Stilmessig opphav: Kristne salmar,
Negro spirituals
Kulturelt opphav: Første halvdel av 1900-talet i USA
Typiske instrument: Vokal, piano, Hammondorgel, gitar, blåseinstrument, trommer og bassgitar
Populær periode: Internasjonal
Avleidde former: Rhythm and blues
Undersjangrar
Urban gospel,
Southern gospel
Blandingssjangrar
Kristen country

Gospel eller gospelmusikk (frå engelsk, evangelium) er ein musikksjanger som er laga for å uttrykke personleg eller felles kristen tru. Kristen musikk innanfor forskjellige sjangrar kan stundom òg verte kalla gospelmusikk.

Som andre former for kristen musikk varierer skapinga, framføringa, vektlegginga og sjølv definisjonen av gospel etter kultur og sosial samanheng. Gospel vert komponert og framført av mange forskjellige årsaker, som estetisk behag, religiøse eller seremonielle føremål, og som eit underhaldningsprodukt for publikum. Det vanlegaste temaet i gospel er å prise, ære eller takke Gud, Kristus eller Den heilage ande.

Stil[endre | endre wikiteksten]

Kjenneteiknet til gospel er generelt ein dominerande vokal (ofte med mykje harmoni) med tekstar av religiøs karakter, særleg kristne tekstar. Undersjangrar er moderne gospel, urban gospel (stundom kalla «svart gospel») southern gospel og moderne kristen musikk. Fleire former for gospel nyttar kor, piano og/eller Hammondorgel, trommer, bassgitar og i aukande grad elektrisk gitar.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Gospel har mange variantar. Ein er ikkje einige om gospel først kom frå afroamerikanske kyrkjer på byrjinga av 1900-talet eller om han først vart sunge av hovudsakleg kvite southern gospel-artistar. Sidan svart gospel var ei form for kommunikasjon mellom slavar i Afrika og kvit gospel hadde opphavet sitt i europeisk form sjølv før han kom til Amerika gjer at begge tilfella kan vere riktig. Eit skarpt skilje mellom eit svart og kvitt Amerika, særleg mellom svarte og kvite kyrkjer, har halde dei to gospel-stilane fråskilde. Dei to stilane har glidd noko meir saman dei siste femti åra, men er framleis to særeigne tradisjonar.

Enkelte artistar, som Mahalia Jackson har berre opptredd i religiøse samanhengar, medan andre, som Sister Rosetta Tharpe, ein pioner innan svart populær gospel,[1] the Golden Gate Quartet og Clara Ward har framført gospel i andre rammer og til og med nattklubbar. Andre artistar som The Jordanaires, The Blackwood Brothers, Al Green og Solomon Burke har både spelt ikkje-religiøs og religiøs musikk.

Gospel var i starten hovudsakleg eit amerikansk fenomen, men har spreidd seg til heile verda, inkludert Noreg med kor som Stavanger Gospel Choir, Mosaic, Salvare, Safari, Ansgar Gospel Choir og Oslo Gospel Choir

Gospel-sjangrar[endre | endre wikiteksten]

Urban gospel (stundom kalla «svart gospel» for å skilje han frå andre former for kristen musikk, kristen rock eller southern gospel) er ein undersjanger av gospel.

Kristen country vert stundom kalla country-gospel og er ein undersjanger av gospelmusikk i country-stil. Han vert òg kalla «inspirerande country».

Southern gospel, stundom kalla «kvartettmusikk» sidan han ofte består av fire mannlege songarar, ein solosongar, ein tenor, ein bariton og ein bass. Sjangeren omhandlar ofte kvardagsproblem og korleis Gud kan løyse desse problema.

Progressiv southern gospel er ein amerikansk sjanger som har utvikla seg frå southern gospel dei siste tiåra.

Bluegrass-gospel har røter i amerikansk bluegrass.

Gospel-blues er ein blues-basert form for gospel, som regel ein kombinasjon av bluesgitar og evangeliske tekstar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rosetta Tharpe