Hot R&B/Hip-Hop Songs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hot R&B/Hip-Hop Songs er ei musikkliste som rangerer dei mest populære R&B- og hip hop-songane i USA og vert publisert kvar veke av Billboard. Rangeringa er basert på kor mykje songen blir spelt på radio, salstal og strøyming.[1] Lista bestod tidlegare av 100 songar, men vart korta ned til 50 i oktober 2012.[2][3]

Lista har til forskjellige tider vore dominert av jazz, rhythm and blues, doo-wop, rock and roll, soul og funk, og er i dag dominert av contemporary R&B og hip hop. Sidan starten har lista endra namn mange gonger etter kvart som musikkindustrien har endra seg.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mellom 1948 og 1955 var det forskjellige lister for Best Sellers og Juke Box, og i 1955 vart ei tredje liste lagt til, Jockeys-lista basert på radiospeling. Desse tre listene vart slått saman til ei enkel R&B-liste i oktober 1958.

Frå 30. november 1963 til 23. januar 1965 hadde ikkje Billboard ei R&B-liste. Lista vart lagt ned då Billboard meinte det ikkje var naudsynt å skilje mellom R&B og pop etter at Motown var komen på banen.[5] Lista vart starta opp att 30. januar 1965 som «Hot Rhythm and Blues Singles» då det oppstod skilnader i musikksmaken til dei to publikuma då den britiske bølgja oppstod i 1964.

23. august 1969 vart «rhythm and blues» erstatta med «soul», og lista vart kalla «Best Selling Soul Singles». Billboard meinte at omgrepet «soul» betre skildra «den vide rekkjevidda av songar og instrumental musikk som kjem frå dei svarte amerikanarane».[6] Seint i juni 1982 fekk lista nytt namn igjen, denne gongen til «Black Singles» fordi muusikken afroamerikanarane kjøpte og lytta til hadde ein «stilmessig større variasjon enn soul» frå tidleg i 1970-åra. Black Singles vart rekna som eit høvande omgrep som omfatta pop, funk og tidleg rap-musikk i urbane samfunn.[7]

R&B kom inn att i namnet på lista i 1990, og hip hop vart innført som tittel frå 11. desember 1999, då Billboard endra namnet til «Hot R&B/Hip-Hop Singles & Tracks» for å anerkjende påverknaden og forholdet hiphop hadde i sjangeren. Kort tid etter var kryssinga frå R&B til pop så stor at alle songane på Topp 10 på Billboard Hot 100-lista den 11. oktober 2003 var av svarte artistar.[8] Den lange tittelen vart forkorta ned til «Hot R&B/Hip-Hop Songs» den 30. april 2005. Metodikken for å rekne ut lista vart endra 20. oktober 2012, og byrja å innlemme digital nedlasting og strøyming, og kombinerte det med radiospeling og fysisk sal. Samstundes vart lista korta ned til 50 songar.

Dato Namn
Oktober 1942–februar 1945 The Harlem Hit Parade
Februar 1945–juni 1949 Race Records
Juni 1949–oktober 1958 Rhythm & Blues Records (to eller tre separate lister - sjå over)
Oktober 1958–oktober 1962[9] Hot R&B Sides
November 1962–november 1963 Hot R&B Singles[10][11]
November 1963–januar 1965 Inga liste (sjå over)
Januar 1965–august 1969 Hot Rhythm & Blues Singles
August 1969–juli 1973 Best Selling Soul Singles
Juli 1973–juni 1982 Hot Soul Singles
Juni 1982–oktober 1990 Hot Black Singles
Oktober 1990–januar 1999 Hot R&B Singles
Januar 1999–desember 1999 Hot R&B Singles & Tracks
Desember 1999–april 2005 Hot R&B/Hip-Hop Singles & Tracks
April 2005–no Hot R&B/Hip-Hop Songs

Rekordar[endre | endre wikiteksten]

Lengst på toppen av lista[endre | endre wikiteksten]

18 veker

16 veker

15 veker

14 veker

13 veker

12 veker

Songar som har vore lengst på lista[endre | endre wikiteksten]

Lengst på lista før toppen vart nådd[endre | endre wikiteksten]

Kjelde:[12]

Flest førsteplassar[endre | endre wikiteksten]

Talet på songar Artist Ref.
20
Aretha Franklin [27]
Stevie Wonder [27]
17
James Brown [27]
16
Drake [27]
15
Janet Jackson [27]
The Temptations [27]

Artistar med flest veker på toppen av lista[endre | endre wikiteksten]

  • 113 – Louis Jordan
  • 84* – Drake
  • 67 – Stevie Wonder
  • 65 – Aretha Franklin
  • 65 – Usher
  • 54 – Alicia Keys
  • 48 – James Brown
  • 45 – Rihanna
  • 40 – R. Kelly
  • 39 – Beyonce

Flest innføringar på lista[endre | endre wikiteksten]

Bubbling Under R&B/Hip-Hop Singles[endre | endre wikiteksten]

Bubbling Under R&B/Hip-Hop Singles[28] er ei liste som består av 25 songar som er i ferd med å kome inn på lista. Mange gonger stoppar singlane på denne lista og kjem aldri inn på hovudlista. Bubbling Under R&B/Hip-Hop Singles vert ofte berre rekna som eit tillegg på 25 songar til hovudlista.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Current Billboard Hot R&B/Hip-Hop So I 'm in love with the coco». Prometheus Global Media. http://www.billboard.com/charts/r-b-hip-hop-songs. Henta 26. juni 2017. 
  2. «Billboard Shakes Up Genre Charts With New Methodology». The Hollywood Reporter. http://www.hollywoodreporter.com/news/billboard-shakes-up-genre-charts-378450. Henta 26. juni 2017. 
  3. «The Year In R&B/Hip-Hop 2012: Drake, Nicki Minaj Among Year's Chart Champs». http://entertainment.msn.com/news/article.aspx?news=780221. Henta 26. juni 2017. 
  4. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. ISBN 0-89820-115-2. 
  5. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. xiii. ISBN 0-89820-115-2. 
  6. «R&B Now Soul». Billboard 81 (34): 3. 23. august 1969. Henta 26. juni 2017. 
  7. George, Nelson (26. juni 1982). «Black Music Charts" What's in a Name?». Billboard 94 (25): 10, 43. Henta 26. juni 2017. 
  8. Mitchell, G. (2003, Oct 18). Rhythm & blues: Black-music's historic week - hot 100 testifies to mainstreaming of R&B/Hip-hop. Billboard - the International Newsweekly of Music, Video and Home Entertainment, 115, 20-20, 22.
  9. "Hot R&B Sides", Billboard, October 27, 1962. p. 37. Henta 26. juni 2017
  10. "Hot R&B Singles", Billboard, November 3, 1962. p. 37. Henta 26. juni 2017
  11. "Hot R&B Singles", Billboard, November 23, 1963. p. 22. Henta 26. juni 2017
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 Mednizabal, Amaya (September 12, 2016). «Rihanna's 'Needed Me' Rises to No. 1 on Hot R&B/Hip-Hop Songs Chart». Billboard. http://www.billboard.com/articles/columns/chart-beat/7503725/rihanna-needed-me-number-1-hot-rb-hip-hop-songs-chart. Henta 26. juni 2017. 
  13. 13,00 13,01 13,02 13,03 13,04 13,05 13,06 13,07 13,08 13,09 13,10 13,11 Ramirez, Rauly (September 9, 2013). «Robin Thicke's 'Blurred Lines' Breaks Record Atop Hot R&B/Hip-Hop Songs». Billboard. http://www.billboard.com/articles/columns/the-juice/5733206/robin-thickes-blurred-lines-breaks-record-atop-hot-rbhip-hop. Henta September 16, 2016. 
  14. Bronson, Fred (August 25, 2005). «Chart Beat». Billboard. Arkivert frå originalen den October 6, 2016. http://www.webcitation.org/6l3QRrpG1?url=http://www.billboard.com/articles/news/61655/chart-beat. Henta October 6, 2016. 
  15. [1]
  16. [2]
  17. «Hot R&B/Hip-Hop Songs : Feb 20, 2010 - (Weeks on chart) | Billboard Chart Archive». Billboard.com. 2010-02-20. http://www.billboard.com/charts/2010-02-20/r-b-hip-hop-songs?order=timeon. Henta 2013-11-09. 
  18. [3]
  19. [4]
  20. «Hot R&B/Hip-Hop Songs : Oct 13, 2012 - (Weeks on chart) | Billboard Chart Archive». Billboard.com. 2012-10-13. http://www.billboard.com/charts/2012-10-13/r-b-hip-hop-songs?order=timeon. Henta 2013-11-09. 
  21. [5]
  22. «Keyshia Cole - Chart history». Billboard. http://www.billboard.com/artist/305806/keyshia+cole/chart. Henta 2013-11-09. 
  23. 23,0 23,1 «Hot R&B/Hip-Hop Songs : Page 1». Billboard. http://www.billboard.com/charts/r-b-hip-hop-songs#/charts/r-b-hip-hop-songs?order=timeon. Henta 2013-11-09. 
  24. «Hot R&B/Hip-Hop Songs : Aug 18, 2012 - (Weeks on chart) | Billboard Chart Archive». Billboard.com. 2012-08-18. http://www.billboard.com/charts/2012-08-18/r-b-hip-hop-songs?order=timeon. Henta 2013-11-09. 
  25. [6]
  26. «Hot R&B/Hip-Hop Songs : Mar 23, 2013 - (Weeks on chart) | Billboard Chart Archive». Billboard.com. 2013-03-23. http://www.billboard.com/charts/2013-03-23/r-b-hip-hop-songs?order=timeon. Henta 2013-11-09. 
  27. 27,0 27,1 27,2 27,3 27,4 27,5 27,6 27,7 27,8 Mednizabal, Amaya (May 10, 2016). «Drake Dominates Hot R&B/Hip-Hop Songs Chart With 16th Career No. 1». Billboard. http://www.billboard.com/articles/columns/chart-beat/7364629/drake-hot-r-and-b-hip-hop-songs-chart. Henta 26. juni 2017. 
  28. «Bubbling Under R&B/Hip-Hop». Billboard.com. http://www.billboard.com/biz/charts/bubbling-under-r-and-b-hip-hop-singles. Henta 23. mars 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]