Angell Landmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Angell Landmark
Fødd 27. juli 1867
Død

27. juni 1939

Yrke politikar

Michael Angell Jakobus Landmark (27. juli 186727. juni 1939) var ein norsk lensmann og stortingsmann frå Ålesund.

Far til Landmark var kjøpmann i Ålesund til dess han fekk stilling som lensmann i Aure. Sjølv arbeidde Angell Landmark i handelsnæringa i heimbyen til 1892. Der etter var han lensmannsbetjent i Aure til han i 1902 tok over lensmannsombodet i distriktet etter faren. Landmark var elles medlem i Aure heradsstyre frå 1901 og i representantskapen til Nordmøre Dampskibsselskaps. Han var òg formann i Nordmøre jarnbanekomité for Surnabanen og medlem av Romsdals amts jernbanekomité 1903–14. Valperioden 1916-18 representerte han Nordre Nordmør krins på Stortinget, vald på eit Venstre-program.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]