Anhydritt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anhydrite
Anhydrite HMNH1.jpg
Anhydritt i Chihuahua i Mexico
Generelt
Kategori Sulfatmineral
Kjemisk formel Vassfritt kalsiumsulfat: CaSO4
Strunz-klassifisering 07.AD.30
Dana-klassifisering 28.3.2.1
Krystallsymmetri Ortorombisk 2/m 2/m 2/m
Einingscelle a = 6.245(1) Å, b = 6.995(2) Å, c = 6.993(2) Å; Z = 4
Identifikasjon
Farge fargelaus til lyseblå eller fiolett om gjennomsiktig; kvit, blålilla, rosa, bleik brun eller grå frå ureinheiter.
Krystallform Sjeldan søyleforma og prismatiske krystallar. Vanlegvis som trådaktige, parallele årer som bryt i bitar. Finst òg som korna, massive eller nodulære massar
Krystallsystem Ortorombisk – dipyramideforma
Tvilling Enkel eller fleire gonger på {011} er vanleg; kontakt-tvilling er sjeldan på {120}
Kløyv [010] perfekt
[100] perfekt
[001] god, fører til halvegs kubiske bitar
Brot Muslig
Fastleik Sprø
Mohs hardleiksskala 3.5
Glans perleaktig på {010}
glasaktig til feittete på {001}
glasaktig på {100}
Strekfarge Kvit
Transparens Gjennomsiktig til gjennomskineleg
Spesifikk vekt 2.97
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskapar Toaksa (+)
Brytingsindeks nα = 1.567–1.574
nβ = 1.574–1.579
nγ = 1.609–1.618
Dobbeltbryting δ = 0.042–0.044
Pleokroisme For fiolett varietetar
X = fargelaus til bleik gul eller rosa
Y = bleik fiolett eller rosa
Z = fiolett.
2V-vinkel 56–84°
Smeltbarheit 2
Andre eigenskapar Somme prøvar fluoreserer; mange fleire fluoreserer etter oppvarming
Kjelder [1][2][3][4]
Krystallstrukturen til anhydritt

Anhydritt er eit fargelaust, kvitt eller svakt farga mineral med liten hardleik. Det består av kalsiumsulfat, CaSO4, har rombisk symmetri og finst ofte saman med gips og halitt (steinsalt) som avsetning frå inndampa havvatn (evaporitt), av og til òg på malmgangar. Ved å oppta vatn går anhydritt under volumauke over til gips, CaSO4•2H2O. Dette kan skape jordheving eller til og med jordskjelv.

Anhydritt er kjend frå Strynefjellet, fleire stader i dei vestnorske gneisområda, Søftestad og Sulitjelma gruver og dessutan Svalbard.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Klein, Cornelis and Cornelius S. Hurlbut, 1985, Manual of Mineralogy, 20th ed., John Wiley and Sons, New York, ISBN 0-471-80580-7
  2. Anhydrite. Webmineral
  3. Anhydrite. Mindat.org
  4. Handbook of Mineralogy