Anita Ekberg
| Anita Ekberg | |||
| | |||
| Fødd | 29. september 1931 | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Malmö | ||
| Død | 11. januar 2015 (83 år) | ||
| Dødsstad | Rocca di Papa | ||
| Fødenamn | Kerstin Anita Marianne Ekberg | ||
| Alias | Anita Ekberg | ||
| Aktive år | 1953–2015 | ||
| Verka som | fotomodell, filmskodespelar, venleikstevlingsdeltakar | ||
| Far | Gustav Fredrik Ekberg | ||
| Ektefelle | Anthony Steel, Rik Van Nutter | ||
| Prisar | Golden Globe Award for New Star of the Year – Actress | ||
Kerstin Anita Marianne Ekberg (29. september 1931–11. januar 2015) var ein svensk modell og skodespelar. Ho er mest kjend for hovudrolla i Federico Fellini sin film Det søte liv, med den ikoniske badescena frå Fontana di Trevi i Roma.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Anita Ekberg var dotter av Alva og Gustav Ekberg og voks opp i Östra Fäladsgatan 29 i Malmö.[1]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]I 1951 vann Ekberg venleikskonkurransen Fröken Sverige. Same året kom til USA for å konkurrere i Miss Universe-kåringa. Den vann ho ikkje, men fekk arbeida som fotomodell og på nattklubbar før ho gjorde ein strålande filmdebut i Hollywood i 1953. Først hadde ho nokre biroller for Universal Pictures i filmane Abbott and Costello go to Mars og The Golden Blade der ho spelte saman med John Wayne og Lauren Bacall.
Howard Hughes ville at ho skulle skifta namn; han meinte at Ekberg var for vanskeleg å uttala. Men ho nekta og meinte at dersom ho vart kjend skulle folk læra seg å uttala namnet hennar, og dersom ho ikkje vart kjend spelte det inga rolle.
Det internasjonale gjennombrotet kom med filmen Krig og fred (1956). Etter fem år i Hollywood drog ho til Italia for å spela inn Det søte liv, Federico Fellini sin film frå 1960 som utgjorde høgdepunkt i karrieren til Ekberg. Ho spelte rolla som Sylvia mot Marcello Mastroianni. I filmen badar ho i ei berømt scene i Fontana di Trevi i Roma.
I november 1961 poserte ho for magasinet Playboy.
I 1963 spelte ho mot Frank Sinatra og Dean Martin i western-komedien 4 for Texas. Deretter var ho knapt med i nokre nemneverdige filmar - unntaket var først i 1987, då ho hadde ei minnesverdig rolle i Intervista. Ho har aldri medverka i nokon svensk film.
Ekberg var gift to gonger: Med den britiske skodespelaren Anthony Steel (1956–1959) og den amerikanske skodespelaren Rik Van Nutter (1963–1975).
Filmografi (utval)
[endre | endre wikiteksten]- 1956 – Krig og fred
- 1960 – Det søte liv
- 1960 – Kokottene
- 1978 – Mord i klosteret
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Anita017». Bilderisyd.se. Henta 11. januar 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Anita Ekberg» frå Wikipedia på bokmål, den 13. november 2021.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Anita Ekberg ved The Internet Movie Database (IMDb)