Ann Arbor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ann Arbor
by
Ann Arbor, Michigan Skyline.JPG
Land Flag of the United States.svg USA
Stat Michigan
Fylke Washtenaw
Areal 71,7 km²
Folketal 113 934
Tidssone −5
Wikimedia Commons: Ann Arbor, Michigan

Ann Arbor er ein by i den amerikanske delstaten Michigan. Han er administrasjonssentrum i fylket Washtenaw County. Ved folketeljinga i 2010 hadde Ann Arbor 113 934 innbyggjarar, og var dermed den sjette største byen i Michigan. Han er kjend som ein universitetsby som huser University of Michigan.

Ann Arbor ligg ved Huron-elva, rundt 56 vest for Detroit. Busetjinga blei grunnlagd i 1824, og fekk namn etter ei av eller begge konene til grunnleggjarane John Allen and Elisha Walker Rumsey, Ann Allen og Mary Ann Rumsey, og eit treholt (arbor).[1]

University of Michigan flytta til Ann Arbor i 1837. Universitetet er ein viktig arbeidsgjevar med rundt 30 000 tilsette og over 40 000 studentar. Universitetet med sine forskingsmiddel og høgt utdanna folk har også bidrege til at mange høgteknologiselskap har etablert seg i byen.[2]

Jernbanelinja Michigan Central Railroad kom til staden i 1839. I 1851 fekk Ann Arbor status som by (city).[3] Etter ein tilbakegang i veksten under Den lange depresjonen i 1870-åra kom fleire innbyggjarar til frå 1880-talet.[4] Rundt 1900 hadde byen rundt 14 500 innbyggjarar. Han hadde ulike industriar som møbel- og pianoproduksjon, brygging, teppemaking og ikkje minst mølleverksemd, med Michigan Milling Company som ein hovudaktør.[5]

I 1960- og 1970-åra var byen tett knytt til den motkulturelle studentrørsla og venstreorientert aktivisme, som kampen mot Vietnamkrigen.[6] Dette fekk innverknad på lokalpolitikken då representantar frå Human Rights Party (HRP) blei valde inn i bystyret og kjempa for politikk som inkluderte borgarrettar, leigeregulering og mildare reaksjonar mot å ha marijuana.[7]

I 2000 hadde byen 114 024 innbyggjarar.[8] Gjennom dei siste tiåra har byen opplevd kraftig veksande tomteprisar, gentrifisering og vekst utover mot landsbygda. I 2003 blei det vedteke ein plan om å skipa eit grønt belte rundt byen der bystyret kjøpte rettane til jordbruksland rundt byen for å verna det mot utbygging.[9][10]

Ann Arbor blir jamt nemnd som ein av dei beste småbyane i USA å bu i.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bidlack 1998, s. 31.
  2. «Ann Arbor: Introduction». Advameg, Inc. 2008. Arkivert frå originalen 2013-06-10. Henta 4 August 2008. 
  3. State of Michigan. Public and Local Acts of the Legislature of the State of Michigan. s. 644. 
  4. «1880–1899: Setbacks and Renewed Growth. Pictorial History of Ann Arbor: 1824–1974». Ann Arbor District Library. 2006. Arkivert frå originalen 2014-02-21. Henta 4 December 2009. 
  5. «1900–1919: Population and Economic Growth. Pictorial History of Ann Arbor: 1824–1974». Ann Arbor District Library. 2006. Arkivert frå originalen 2014-02-21. Henta 4 December 2009. 
  6. «1940–1974: From Protest to Outer Space. Pictorial History of Ann Arbor: 1824–1974». Ann Arbor District Library. 2006. Arkivert frå originalen 2013-11-10. Henta 8 November 2009. 
  7. Restivo, Terrence R. (22 March 2006). «The Building of a New Left Conglomerate in the City of Ann Arbor: VOICE, Action Movement and the Human Rights Party (1965–1975)» (PDF). McAnulty College and Graduate School of Liberal Arts, Duquesne University. Arkivert frå originalen (PDF) 1 December 2007. Henta 23 August 2008. 
  8. «Historical Population and Employment by Minor Civil Division, Southeast Michigan» (PDF). Southeast Michigan Council of Governments. 2002. Arkivert frå originalen (PDF) 2013-07-29. Henta 6 December 2009. 
  9. «Ann Arbor Parks and Greenbelt Proposal». Friends of Ann Arbor Open Space. 2 March 2004. Arkivert frå originalen den 23 July 2008. Henta 4 August 2008. 
  10. McGovern, Judy (18 May 2009). «Ann Arbor seeks grants for greenbelt land». The Ann Arbor News. Arkivert frå originalen 2013-11-10. Henta 24 August 2009. 
  11. In 2008, it was ranked by CNNMoney.com 27th out of 100 "America's best small cities". Best Places to Live—Money's List of America's Best Small Cities, CNNMoney.com, August 2008, Arkivert frå den opphavlege versjonen den 5 October 2009, https://web.archive.org/web/20091005045948/http://money.cnn.com/magazines/moneymag/bplive/2008/top100/index2.html, henta 24 August 2009 . In 2010, Forbes listed Ann Arbor as one of the most liveable cities in the United States of America. Levy, Francesca, America's Most Livable Cities, Arkivert frå den opphavlege versjonen den 2013-11-10, https://web.archive.org/web/20131110213537/http://www.forbes.com/2010/04/29/cities-livable-pittsburgh-lifestyle-real-estate-top-ten-jobs-crime-income_slide_8.html 

Bibliografi
  • Bidlack, Russell E. (1998), Ann Arbor's first lady : events in the life of Ann I. Allen / Russell E. Bidlack. 
  • Marwil, Jonathan (1991). A History of Ann Arbor. University of Michigan Press. ISBN 978-0-472-06463-2. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]