Anna Rogstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anna Rogstad
Anna Georgine Rogstad
Portrett av Anna Rogstad på Stortinget 3 19. mars 1911.jpg
Anna Rogstad på Stortinget 19. mars 1911.
Fødd 26. juli 1854

Nordre Land

Død 8. november 1938 (84 år)
Oslo
Parti Frisinnede Venstre
Yrke Lærar, skulestyrar
Verv Stortingsrepresentant 17. mars 1911–30. januar 1913
Wikimedia Commons: Anna Rogstad

Anna Georgine Rogstad (26. juli 18548. november 1938) var den første kvinna som tok sete i Stortinget, den 17. mars 1911. Rogstad var ein norsk lærar, kvinnesakskvinne og politikar for Frisinnede Venstre frå Veisten i Nordre Land.

Anna Rogstad vart lærarinne i Kristiania i 1877, og i 1889 vart ho leiar i Kristiania Lærerinneforening, eit verv ho hadde i 32 år. Ho endra foreininga frå å vere ein selskapeleg samskipnad til ein fagorganisasjon. Då Norges Lærerinneforbund, ein landsorganisasjon for folkeskolelærarar, vart danna i 1912, var Rogstad leiar fram til 1919. Ho ville betre utdanninga for jenter og starta i 1900 ein framhandsskule for jenter attåt folkeskulen. Skulen vart populær, og Kristiania kommune overtok han i 1909. Anna Rogstad heldt fram som styrar til ho gjekk av med pensjon i 1923.

Anna Rogstad var med å skipa Norsk Kvindesagsforening i 1884 og Kvindestemmeretsforeningen i 1885. Ho var nestleiar for Kvindestemmeretsforeningen i 1885-97 og 1902-13.

I Kristiania representerte Rogstad lærarinnene i skulestyret frå 1894 til 1916. Ho vart vararepresentant til bystyret for Kvindestemmeretsforeningen i 1901, representant til bystyret på ei fellesliste av Høire, Den liberale vælgerforening og Næringspartiet i 1907 og vararepresentant til bystyret for Frisinnede Venstre i 1910.

Rogstad var 1. vararepresentant til Stortinget frå 1910 til 1912. Ho representerte Frisinnede Venstre på et fellesliste med Høire, der Høire-mannen Jens Bratlie stod øvst. Anna Rogstad møtte som første kvinne på Stortinget 17. mars 1911. Ho møtte i kortare periodar i 1911, og da Jens Bratlie vart statsminister i februar 1912, møtte ho så lenge regjeringa sat, til januar 1913. Ho var ein aktiv representant som engasjerte seg i ei rekkje saker, frå forsvar og utdanning til kultur og likestilling.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Agerholt, Anna Caspari (1973) Den norske kvinnebevegelseshistorie. Oslo: Gyldendal;
  • Hagemann, Gro (1992) Skolefolk. Lærernes historie i Norge. Oslo: Gyldendal;
  • Moksnes, Aslaug (1984) Likestilling eller særstilling? Norsk Kvinnesaksforening 1884-1913. Oslo: Gyldendal;
  • Norges officielle statistik V.128 (1910) Stortingsvalget 1909. Kristiania: i kommission hos H. Aschehoug & Co;
  • Nylænde, Norsk Kvinnesaksforenings blad, 1889-1923;
  • Stortinget og Statsraadet 1814-1915 (1915). Kristiania: Steen'ske Bogtrykkeri;
  • Anna Rogstad hos Stortinget
  • Anna Rogstad hos Norsk *samfunnsvitenskapelig *datatjeneste