Anne Grethe Erlandsen
| Anne Grethe Erlandsen | |||
| | |||
| Fødd | 8. oktober 1956 (69 år) Stange kommune | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Høgre | ||
| Yrke | politikar, sjukepleiar, offentleg tenestemann | ||
| Utdanna ved | Østfold sykepleierskole høgskolen i Østfold | ||
| Far | Christian Erlandsen | ||
| Alle verv | |||
Anne Grethe Erlandsen (fødd 8. oktober 1956)[1] er ein norsk oversjukepleiar, helseadministrator, direktør og politikar for Høgre. Frå 2013 til 2021 var ho til statssekretær for helse- og omsorgsminister Bent Høie.[2][3][4][5][6] Våren 2022 vart ho tilsett som prosjektleiar i Norsk Sykepleierforbund.[7]
Utdanning
[endre | endre wikiteksten]Anne Grethe Erlandsen tok sjukepleiarutdanning ved Østfold sykepleierskole som ho vart uteksaminert frå i 1979.[5] Ho tok seinare vidareutdanning innan helseadministrasjon ved Høgskolen i Østfold 1984 og prosjektleiarutdannelse same stad 2005.[5]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Anne Grethe Erlandsen arbeida først som sjukepleiar ved Sentralsykehuset for Østfold og Innherred sykehus i perioden 1979 til 1980.[5] Frå 1980 til 1982 underviste ho i sjukepleie ved Østfold sykepleierskole.[5] Deretter var ho sjukepleiar og avdelingssjukepleiar ved Sarpsborg sykehus fremj til 1984.[5] Frå 1984 til 1989 var ho Østfolds fylkesleiar av Norsk Sykepleierforbund.[5] Deretter var ho oversjukepleiar og klinikkoversjukepleiar ved Sarpsborg sykehus/Østfold sentralsykehus frem til 1997.[5]
I 1997 vart Erlandsen Helse og sosialsjef i Trøgstad kommune, ei stilling ho hadde fram til 1999, då ho tok over som Personal– og organisasjonssjef i Sarpsborg kommune.[5] Frå 2000 var ho Kommunesjef helse og sosial i same kommune, ei stilling ho hadde fremj til 2004.[5] I 2004 vart ho prosjektleiar for samhandling mellom Sykehuset Østfold og kommunane i Østfold.[5]
I 2006 vart Anne Grethe Erlandsenvore direktør for kommunikasjon og samhandling ved Sykehuset Østfold, ei stilling ho vart løyvd permisjon frå då ho vart utnemnd til statssekretær.[2][3][4][5]
Våren 2022 vart ho tilsett som prosjektleiar i Norsk Sykepleierforbund.[7]
Politiske verv
[endre | endre wikiteksten]Anne Grethe Erlandsen var medlem av Sarpsborg bystyre og formannskap i perioden 1992–1999.[5]
Frå 16. oktober 2013 til 14. oktober 2021 var ho til statssekretær for helse- og omsorgsminister Bent Høie.[2][3][4][5][6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «En kontrollfrik fyller 50». Sarpsborg Arbeiderblad. 7. oktober 2006. Henta 30. november 2013.
- 1 2 3 «Anne Grethe Erlandsen blir statssekretær». NRK Østfold. 16. oktober 2013. Henta 30. november 2013.
- 1 2 3 «Anne Grethe Erlandsen ny statssekretær». Fredriksstad Blad. 16. oktober 2013. Henta 30. november 2013.
- 1 2 3 «Anne Grethe Erlandsen ny statssekretær». Sykehuset Østfold. 16. oktober 2013. Henta 30. november 2013.
- 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 «Statssekretær Anne Grethe Erlandsen (H)». Helse- og omsorgsdepartementet. Henta 30. november 2013.
- 1 2 regjeringen.no (16. oktober 2013). «Erna Solbergs regjering». Regjeringen.no (på norsk). Henta 23. mars 2022.
- 1 2 «Henter inn Anne Grethe Erlandsen på laget». www.nsf.no (på norsk bokmål). Henta 23. mars 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Anne Grethe Erlandsen» frå Wikipedia på bokmål, den 13. mars 2016.