Anne Heggtveit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anne Heggtveit
Ann Heggtveit 1960.jpg
Fødd 11. januar 1939
Ottawa
Yrke alpinist
Anne Heggtveit på Commons

Anne Heggtveit (fødd 11. januar 1939) er ein kanadisk tidlegare alpin skirennar, fødd i Rockliffe Park i delstaten Ontario, som i 1960 vart olympisk meister i slalåm og verdsmeister i kombinasjonen. Ho ættar frå Noreg.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

15 år gammal deltok Heggtveit i VM i alpine greiner 1954 i Åre i Sverige, og imponerte ved å verte nummer sju i slalåm og ni i utfor. Likevel vart mange overraska då ho så vann storslalåmrennet i Holmenkollen Kandahar. Året etter vart ho skadd, og ho nådde ikkje å kome i god form til Vinter-OL 1956. I 1958 enda Heggtveit på sjuandeplass i utfor og åttandeplass i slalåm då VM i alpine greiner 1958 fann stad i Bad Gastein i Austerrike.

Høgdepunktet for Heggtveit kom under OL i Squaw Valley i California den 26. februar 1960. Etter fyrste omgangen i slalåmrennet leia ho med 1,5 sekund på Marianne Jahn frå Austerrike og med over tre sekundar til norske Inger Bjørnbakken på tredjeplass. Både Jahn og Bjørnbakken rann svake andreomgangar, Jahn vart sågar diskvalfisert. Dermed vann Heggtveit OL-gullet med over tre sekunds margin til sølvvinnar Betsy Snite frå USA, og var sju sekundar føre bronesemedaljør Barbi Henneberger frå Tyskland. Saman med tolvteplassar i både utfor og storslalåm førte det suverene slalåmrennet til at Heggtveit også vann gullmedaljen i kombinasjonen, ei papirtevling som einast gjaldt som VM-øving.

Ho la opp etter OL-sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • (en) Anne Heggtveit – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.