Annecy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Annecy
Annecy chateau view.jpg
Flagget til Annecy Byvåpenet til Annecy
Flagget til Annecy Byvåpenet til Annecy
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Rhône-Alpes
Haute-Savoie
Geografi
Flatevidd
 - By

13,75 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

52 100
  3 789/km²
Koordinatar 45°54′00″N 06°07′49″EKoordinatar: 45°54′00″N 06°07′49″E
Høgd over havet 448 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.ville-annecy.fr

Annecy er ein by aust i sentrale område av Frankrike ved breidda av Annecysjøen, 35 km sør for Genève. Annecy er préfecture (hovudstad) i departementet Haute-Savoie i regionen Rhône-Alpes. Byen har om lag 50 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Annecy ligg mellom Genève og Chambéry, og vart mykje påverka av desse to byane mellom 900- og 1800-talet. Byen var først hovudstad i grevskapet Genève, men etter at grevane i Genéve forsvann vart han ein del av Huset Savoie i 1401. I 1444 gjorde prinsane av Savoie byen til hovudstad i ein region som omfatta Genevois, Faucigny og Beaufortain. Då calvinismen breidde seg ut i 1535 vart byen eit senter for den katolske reformasjonen, og biskopen sitt sete i Genève vart flytta her. Under den franske revolusjonen vart området Savoie erobra av Frankrike, og Annecy vart ein del av departementet Mont Blanc, der Chambéry var hovudstad. Etter Restaurasjonen i Frankrike i 1815 vart han gjeve tilbake til Huset Savoie. Då Savoie vart annektert av Frankrike i 1860 vart byen hovudstad i det nye departementet Haute-Savoie.

Frans av Sales vart fødd i slottet Sales, som ligg like ved Annecy, i 1567. Han var biskop i Annecy frå 1602 til 1622.

Den andre runden av GATT-diskusjonane vart halde i Annecy i 1949.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]