Haute-Savoie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haute-Savoie
Våpenskjoldet til Haute-Savoie
Plassering
Plasseringa til Haute-Savoie i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 74
Region: Rhône-Alpes
Préfecture: Annecy
Sous-préfectures: Bonneville
Saint-Julien-en-Genevois
Thonon-les-Bains
Arrondissement: 4
Kantonar: 34
Kommunar: 294
Président du conseil général: Ernest Nycollin
Statistikk
Folketal Rangering 33.
 -1999 631 679
Folketettleik: 144/km²
Landareal¹: 4 388 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Haute-Savoie (Øvre-Savoie) er eit departement aust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Rhône-Alpes i Dei franske Alpane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Haute-Savoie er eit av to departement i regionen Savoie som vart annektert av Frankrike 24. mars 1860.

Det første Vinter-OL nokon gong vart halde i Chamonix frå 25. januar til 5. februar 1924.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Mont Blanc og Annecysjøen ligg i Haute-Savoie. I nord grensar departementet til Sveits og Genfersjøen med Genève som næraste by. Byen Évian-les-Bains er den mest kjende franske byen ved breidda til Genfersjøen, mest kjend for mineralvatnet Evian. I aust grensar Haute-Savoie til Italia, i vest til departementet Ain og i sør til departementet Savoie.

Nokre av dei mest kjende skistadane i verda ligg i departementet, t.d. Chamonix, som er eit senter for skisport og fjellklatring like ved foten av Mont-Blanc, det høgaste fjellet i Vest-Europa på 4 808 meter.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Hauts-Savoyards.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Haute-Savoie