Genève

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Genève
Øvst til venstre:SN-bygningen, Miden venstre: CERN-laboratoriet, Høgre: Jet d'Eau, Botn: Utsyn over Genève og innsjøen.
Øvst til venstre:SN-bygningen, Miden venstre: CERN-laboratoriet, Høgre: Jet d'Eau, Botn: Utsyn over Genève og innsjøen.
Kommunevåpenet til Genève
Kommunevåpenet til Genève


Plassering
Genève is located in
Styresmakter
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton Genève
Distrikt ingen
Språk fransk
Borgarmeister Pierre Maudet
Geografi
Flatevidd
 - kommune

15,86 km²
Innbyggjarar
 - kommune (august 2011)
   - folketettleik

191 803
  12 093,5 /km²
Koordinatar 46°12′0″N 6°09′0″EKoordinatar: 46°12′0″N 6°09′0″E
Høgd over havet 375 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 1200
Nettstad: ville-geneve.ch

Genève er den nest største byen i Sveits (etter Zürich) og den største byen i den fransktalande delen av landet. Han ligg der elva Rhônen renn ut frå Genfersjøen (fransk: Lac Léman, men innbyggjarane i Genève liker å kalle han Lac de Genève) og er hovudstad i kantonen Genève.

Namnet på byen er på fransk Genève, tysk Genf, italiensk Ginevra og på retoromansk Genevra. På engelsk blir byen kalla Geneva.

Sjølve kommunen (ville de Genève) har 191 803 (august 2011), medan kanton Genève (République et Kanton de Genève, som omfattar byen) has 464 677 (juli 2011).[1] I 2007 hadde storbyområde, Stor-Genève, 1 240 000 innbyggjarar, fordelt på 189 kommunar i Sveits og Frankrike.

Genève er ein global by, eit finanssenter og eit verdssenter for diplomati, og det viktigaste senteret for Dei sameinte nasjonane i lag med New York. Mange internasjonale organisasjonar held til her, og mange av SN-organisasjonane[2] og Raude krossen har hovudkontora sine her.[3] Det er òg staden der Genèvekonvensjonane vart signerte, som hovudsakleg omhandlar handsaminga av sivile i krig og krigsfangar.

Genève var rangert som det 13. viktigaste finanssenteret i verda,[4] og i 2009 vart Genève kåra til byen med tredje høgast levestandard i verda (like bak Zürich).[5] I 2009 og 2011 vart Genève rangert som høvesvis den fjerde og femte dyraste byen i verda.[6]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den berømte Jet d'Eau i Genfersjøen.

Genava var namnet på ein av busetnadene til keltarane i Allobrogane, og namnet Genava (eller Genua) på latin dukka første gongen opp i skriftene til Julius Caesar i De Bello Gallico, mellom kommentarane hans til gallarkrigane. Namnet har truleg same opphav som det til byen Genua (moderne italiensk: Genova), som betyr «kne», dvs. «vinkel». Dette viser til byen si geografiske plassering. Etter romarane sine erobringar, vart han del av Provincia Romana. I det niande hundreåret vart han hovudstad i Bourgogne. Sjølv om burgundarane, frankarane og dei romerske keisarane striddest om Genève, vart han i praksis styrt av biskopane i byen, fram til Reformasjonen, da Genève vart ein republikk.

På grunn av arbeidet til reformatorar som Jean Calvin, vart Genève ofte kalla det protestantiske Roma. I det sekstande hundreåret vart Genève sentrum for kalvinismen; St. Peterskatedralen i gamlebyen var Jean Calvin si eiga kyrkje.

Eit av dei viktigaste tidspunkta i historia til Genève er Eskaladen. For folket i Genève er Eskaladen symbolet på uavhengigheita deira. Eskaladen markerer det siste av ein serie åtak opp gjennom det sekstande hundreåret frå Savoy, som ønskte å annektere Genève som sin hovudstad nord for Alpane. Dette siste åtaket utspelte seg natta 11.-12. desember 1602 og blir enno feira i Genève, mellom anna med skodespel med uniformerte menn, kanonar og hestar i gamlebyen.

Genève, også i dag framleis kalla kantonen og republikken Genève, vart kanton i Sveits i 1815. Den første av Genève-konvensjonane vart underskrive i 1864, for å verne om dei som vart sjuke og såra i krig.

Byen i dag[endre | endre wikiteksten]

Flaggparade utanfor SN-bygningen.

Genève er truleg den mest internasjonale byen i Europa, rundt 40 % av innbyggjarane er født ikkje-sveitsarar. Mykje av dette kjem av at byen er sete for svært mange internasjonale organisasjonar. Mellom andre ligg det europeiske hovudsetet til Dei sameinte nasjonane (SN) her, og av underorganisasjonane til SN med hovudsete i byen, kan vi nemne Verdas helseorganisasjon (WHO), Den Internasjonale Arbeidarorganisasjonen (ILO), SNs høgkommisær for flyktningar (UNHCR), SNs barnefond (UNICEF) og SNs konferanse for handel og utvikling (UNCTAD).

I Genève finn vi også CERN, Verdas Handelsorganisasjon (WTO), Den Internasjonale Organisasjonen for Standardisering, Verdas Kyrkjeråd, og Den Internasjonale Raudekrossen (som vart grunnlagt av genèvaren Henri Dunant).

Verdt å sjå i Genève er Blomsterklokka, Museet for Kunst og Historie og Museet for Raudekrossen og Raude halvmåne.

Det mest kjende landemerket i Genève er likevel ein fontene: Jet d'Eau i Genève-sjøen kan sjåast i det meste av byen pga. den 140 meter høge vass-spruten.

Flyplassen til Genève heiter Geneva Cointrin International Airport.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Genève