Annika Billstam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Annika Billstam


Statsborgarskap Sverige
Fødd 8. mars 1976 (48 år)
Uppsala
Idrett orientering

Annika Billstam (fødd 8. mars 1976) er ein svensk tidlegare orienteringsløpar frå Uppsala. Ho vart verdsmeister på klassisk-distansen i 2011 og på mellomdistansen i 2014 og 2015. Perioden 2007-15 vann ho 14 medaljar i verdsmeisterskap.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Billstam vann den fyrste av sju stafettmedaljar under VM 2007, ein sølvmedalje. I åra frå 2008 til -15 sanka ho ytterlegare medaljar med svenske stafettlag, fem av dei i bronse og ein i sølv.

Billstam kom på bronseplass på klassisk-distansen i VM 2008. Tre år seinare vann ho gullmedaljen på den same distansen då VM 2011 vart avvikla i Savoie i Frankrike. Deretter sikra ho seg to individuelle bronsemedaljar ved VM 2012 og sølvmedaljen på kortdistansen ved VM 2013. I Italia i 2014 vann ho VM-gullet på mellomdistansen, ein prestasjon ho gjentok under VM 2015 i Skottland.

Billstam vann tre verdscup-tevlingar. Frå europameisterskap i orientering har ho ein einsleg bronsemedalje frå stafetten i Falun i 2012.

Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 2007: Sølv i stafett
  • VM 2008: Bronse på klassisk-distansen og i stafett
  • VM 2010: Bronse i stafett, nr 5 på mellomdistansen
  • VM 2011: Gull på klassisk-distansen, bronse i stafett
  • VM 2012: Bronse på klassisk- og kortdistansen, sølv i stafett
  • VM 2013: Sølvmedalje på kortdistansen
  • VM 2014: Gull på mellomdistansen, bronse i stafett
  • VM 2015: Gull på mellomdistansen, bronse i stafett

Kjelder[endre | endre wikiteksten]