Falun
Falun | ||
---|---|---|
![]() | ||
| ||
Styresmakter | ||
Landskap Len Kommune |
Dalarna Dalarnas län Falu kommun | |
Geografi | ||
Flatevidd | 26,40 km² | |
Innbyggjarar | 36 447 | |
Innbyggjarar - By (31. desember 2023) |
39 939 | |
Høgd over havet | 110 m | |
Tidssone - Ved sommartid |
UTC+01:00, UTC+2 (UTC) UTC+2 (UTC) | |
Diverse anna | ||
Heimeside: http://www.falun.se |
Falun er ein by i Falu kommun i Dalarnas län i Sverige. Han er administrasjonssenter for Falu kommune og residensby for Dalarnas län. Falun er den 26. største tettstaden i Sverige, med 36 447 innbyggarar (2005).[1] Fram til 1971 heitte han Falu stad. Byen er kjend for ei no nedlagd kopargruve og for årlege skirenn i verdcupen. I 1993 gjekk ski-VM i Falun.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]
Faluån renn rett gjennom byen og deler den i to delar. På den eina sida ligg Falu koppargruva som gjennom fleire hundreår var den viktigaste næringsverksemda til byen. Denne sida av elva vert difor kalla den gruvliga sidan ('den fæle sida') på folkemunne, på grunn av at det ikkje voks så mykje på den forgifta marka. På den andre sida av elva ligg det fleire store og vakre gamle villaar og denne sida vert kalla den ljuvliga sidan ('den vene sida').
Tilknyttande vegar
[endre | endre wikiteksten]- Riksväg 50 frå Söderhamn, Alfta (Bergslagsdiagonalen)
- Riksväg 50 frå Örebro, Borlänge (Bergslagsdiagonalen)
- Riksväg 80 frå Gävle, Hofors
- Riksväg 80 frå Rättvik (Kopparleden)
- Länsväg 266 frå Hedemora
- Länsväg 293 frå Amsberg
Nærliggande stader
[endre | endre wikiteksten]Aspeboda, Bengtsheden, Bjursås, Borlänge, Enviken, Grycksbo, Sundborn, Svärdsjö, Sågmyra, Vika
Vällan er ein liten sjø på tre kvadratkilometer som ligg sørvest for Falun.
Kjente personar frå Falun
[endre | endre wikiteksten]- Ferdinand Boberg, arkitekt
- Mattias Flink, massemordar
- Maria Hjorth, golfspelar
- Jenny Kallur, idrettsutøvar
- Susanna Kallur, idrettsutøvar
- Marcus Ljungqvist, syklist
- Thomas Quick, dømt seriemordar, seinare frikjend
- Ernst Rolf, skodespelar og musikar
- Georg Skarstedt, skodespelar
- Putte Wickman, jazzklarinetist
- Walter Steiner, skihoppar
- Georg Stiernhielm, skald, «Den svenska skaldekonstens fader»
Folketalsutvikling
[endre | endre wikiteksten]Folketalsutviklinga i Falun 1960-2005[2] | ||||
---|---|---|---|---|
År | Innb. | Areal | ||
1960 | 20 564 | |||
1965 | 26 420 | |||
1970 | 28 788 | |||
1975 | 30 073 | |||
1980 | 32 374 | |||
1990 | 34 615 | 2549 | ||
1995 | 35 931 | 2615 | ||
2000 | 35 315 | 2617 | ||
2005 | 36 447 | 2640 | ||
Samanvoksen med Korsnäs i 1965 og med Korsgården i 1990 |
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Gävledala – regionalnyheter
- Dalarna
- Dalarnas län
- Falu kommun
- Falu Kuriren
- Falun och Kopparbergslagen
- Stora Kopparbergs socken
- Lugnet
- Falu rödfärg
- Falukorv
- Falun Folkmusik Festival
- Falukalaset
- Föreningar i Falu kommun
- Studentradion Falun
- Svenska skidspelen
- Rockstad:falun
- Snöklockan (skulptur)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Falun» frå Wikipedia på bokmål, den 10. januar 2011 og «Falun» frå Wikipedia på svensk, den 2. januar 2011.
- Fotnotar
- ↑ Statistikk frå Statistiska Centralbyrån
- ↑ «Statistiska centralbyrån - Folkmengd i tätorter 1960-2005» (PDF). Henta 13 december 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]
- Offisiell nettstad
- Falun.info Arkivert 2011-07-18 ved Wayback Machine.
- Falu turistbyrå
- Falu Kommuns stadsdelsinformation Arkivert 2008-09-27 ved Wayback Machine.