Ansvar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ansvar er eit fleirtydig ord som kan brukast om ulike omgrep[1], men grunntydinga er å "svare" for noko, stå til rette for noko, gjera reie for noko - eller bera utgiftene for noko som ein sjølv er årsak til.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Ansvar er eit arveord vi finn att i det norrøne "andsvar". Før i tida var denne skrivemåten òg brukt i nynorsk. Ordet ansvar kjem òg frå det latinske ordet for svar - responsum, som tyder å vera gjenstand for skuld eller plikt. And- finn vi òg i andre ord, som andføttes, andror og andøve. Videre brukast på nynorsk ord som andlet og andsynes oftare enn på bokmål.  And- tyder ’mot, til’, og andsvar er i Norrøn ordbok erforklart som ’svar, tilsvar, motsvar, forsvar’. Tydninga ’svar’ finn vi att i engelsk "answer" og tysk "Antwort"[2].

Ein kan ha ansvar for[endre | endre wikiteksten]

  • oppgåve, oppdrag, aktivitet, arbeidsområde og lignande
  • forplikting til å gjera eller la vere noko i moralsk, etisk og/eller juridisk forstand
  • risiko i tydinga å bera konsekvensar av ei uventa utvikling: vanlegvis om det negative, det vil seia å klandrast, gjera meirarbeid, dekkje utgifter og anna, men òg om det positive, å få ros og anna som er fordelaktig
  • erstatningsansvar (juridisk)
  • strafferettsleg ansvar (juridisk)
  • konstitusjonelt ansvar (juridisk).

Ofte vert ordet ansvar brukt i dagligspråket utan at det vert klargjort kva meininga er – eventuelt om ein siktar til fleire av tydingane. Særleg finst dette i utsegn om at ein person ber ansvaret eller har ansvaret for ei handling, unnlating, tilstand og lignande.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. kilde:https://snl.no/ansvar
  2. kilde: http://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/hva-skjer/Aktuelt-ord/Ansvar/kilde:https://snl.no/ansvar