Grunnlov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei grunnlov eller ein konstitusjon er dei grunnleggjande lovene som konstituerer ein moderne stat, der mellom anna rettane og pliktene til den enkelte statsborgaren er slått fast.

Kravet om ei grunnlov blei reist på 1700-talet i kampen mot det eineveldige monarkiet som var den dominerande statsforma da. Ideologien var at monarken hadde makta si frå Gud, og innbyggjarane hadde berre å lyde same kva han eller ho bestemte.

Ei grunnlov er derimot ein slags kontrakt mellom styrande og styrte, med folkesuverenitetsprinsippet i botnen. Dette går ut på at all legitim makt kjem frå folket, at dei styrande derfor må vere folkevalde, og at folket derfor også i prinsippet kan trekkje denne makta tilbake dersom dei styrande bryt kontrakten som ligg i grunnlova (opprørsretten).

Innføringa av grunnlover er på denne måten ein første byggjestein i utviklinga av demokratiet. Men mykje stod att, til dømes det at berre ein del av den mannlege befolkninga blei rekna for å høyre til «folket», slik at kvinner og eigedomslause ikkje fekk stemmerett før mykje seinare.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Dei første moderne grunnlovene[endre | endre wikiteksten]

Den første moderne grunnlova kom etter den amerikanske revolusjonen, i 1787. Viktigare for den vidare utbreiinga av fenomenet var det at den franske revolusjonen frå 1789 og framover produserte fleire grunnlover i dei ulike fasene av denne. Frankrike var det mektigaste og folkerikaste landet i Europa på den tida, utanom Russland, mens USA var eit lite land på andre sida av storhavet.

Den norske grunnlova[endre | endre wikiteksten]

Den norske grunnlova er frå 1814, vedtatt 17. mai på Eidsvoll. Vedtaket om grunnlova var også ein liten revolusjon, og ei kraftig demokratisering i forhold til eineveldet som hadde vore til da. I tillegg la det grunnen for det nasjonale sjølvstendet, sjølv om Noreg blei tvinga inn i union med Sverige seinare same året. Denne unionen var av ein annan art enn den med Danmark: Noreg fekk behalde grunnlova og var å rekne som eit sjølvstendig kongerike som delte monark med Sverige.

Men attåt unionsoppløysinga i 1905 stod to større kampar att før Noreg eigentleg blei det ein vanlegvis kallar demokratisk i dag: Innføringa i 1884 av parlamentarismen, det vil seie folkevald kontroll over regjeringa, og allmenn stemmerett i 1913.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]