Antarktisk flora

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Deschampsia antarctica og Colobanthus quitensisSør-Georgia, to artar som også veks på Antarktika.
Nothofagus fusca på New Zealand

Antarktisk flora er eit eige florarike som utvikla seg for fleire millionar år sidan på superkontinentet Gondwana, og som no finst på fleire fråskilde område på den sørlege halvkula, som sørlege Sør-Amerika, den sørlegaste delen av Afrika, New Zealand, Australia og Ny-Caledonia. Joseph Dalton Hooker var den første som la merke til likskapar i desse floraene og spekulerte i om Antarctika hadde vore anten kjelda til eller det samanbindande punktet for dei, og om landmassar som no var skilde tidlegare hadde lege samla.[1][2] Botanikaren Ronald D'Oyley Good identifiserte eit eige antarktisk florarike i sørlege Sør-Amerika, New Zealand og sørlege øygrupper ut frå likskapane i plantar her. Australia blei utpeikt som sitt eige florarike ettersom området også hadde mange artar som stamma frå tropisk Eurasia.

Vedplantar i den antarktiske floraen omfattar bartre i familiane Podocarpaceae, Araucariaceae og underfamilien Callitroideae (i Cupressaceae), og dekkfrøplantar som familiane Proteaceae, Griseliniaceae, Cunoniaceae, Atherospermataceae og Winteraceae, og slekter som sørbøk (Nothofagus) og fuchsia (Fuchsia). Floraen omfattar også mange andre familiar av blomstrande plantar og bregnar, mellom anna trebregnen Dicksonia.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Nothofagus antarctica finst i Chile og Argentina

For fleire millionar år sidan var Antarktika varmare og mykje våtare enn no, og ein del av superkontinentet Gondwana. Antarktisk vegetasjon då omfatta skogar av gultre og sørbøk (Nothofagus). Gondwana blei gradvis brote opp gjennom platetektonikk, ein prosess som tok til for 110 millionar år sidan. For 30–35 millionar år sidan blei Antarktis skild frå Sør-Amerika. Dette opna for Sørishavsstraumen, ein havstraum som gjer Antarktis klimatisk isolert og gjer området mykje kaldare. Det meste av plantelivet døydde ut i Antarktis, men er framleis ein viktig del av floraen i den sørlege neotropiske (Sør-Amerika) og Den australske regionen, som begge opphavleg var del av Gondwana.

Nokre slekter med opphav i antarktisk flora er framleis viktige delar av vegetasjonen i Ny-Caledonia, Tasmania, Madagaskar, India, New Zealand og sørlege Sør-Amerika. Afrika og India var også del av Gondwana. Etter at desse landmassane flytta seg nordover og møtte Eurasia, fekk dei også tilført mykje ny flora derfrå. I dag har desse områda ein liten del antarktisk flora att. Australia flytta seg også nordover og blei tørrare. Den antarktiske floraen som var tilpassa vått klima trekte seg tilbake til austdelen av kontinentet og Tasmania, medan resten av Australia blei dominert av Acacia, Eucalyptus, Casuarina og tørketolerantre gras og buskar. Den antarktiske floraen i Australia, også kjend som regnskogflora, finst no berre på nokre få isolerte område som utgjer mindre enn 2&mnsp;% av den totale landmassen.

Plantar på Antarktika[endre | endre wikiteksten]

Kontinentet Antarktika har vore for kaldt og tørt i fleire millionar år til å kunna vera vert for nesten nokon karplantar. Dei låge temperaturane og nedbørsmengdane, mangelen på sollys og væte og det dårlege jordsmonnet forklarer den fattige vegetasjonen. Ein finn likevel rundt 250 lavtypar, 100 mosar, 25-30 levermosar og rundt 700 algar i vatn eller på land her. Det finst to blomstrande plantar, graset Deschampsia antarctica og Colobanthus quitensis, på nord- og vestdelar av Den antarktiske halvøya. Nokre mosar som er endemiske til Antarktika er Grimmia antarctici, Schistidium antarctici og Sarconeurum glaciale.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hooker, J.D. (1847), The Botany of the Antarctic Voyage of H. M. Discovery Ships Erebus and Terror in the Years 1839-1843: Under the Command of Captain Sir James Clark Ross, 1 part 2, Reeve Brothers 
  2. Specht, R.L.; Montenegro, G.; Dettmann, M.E. (2015), «Structure and Alpha Biodiversity of Major Plant Communities in Chile, a Distant Gondwanan Relation of Australia», Journal of Environment and Ecology 6 (1): 21–47 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Antarktisk flora