Gondwana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Laurasia-Gondwana.svg

Gondwana, eller opphavleg Gondwanaland var eit superkontinent som hovudsakleg låg på den sørlege halvkula i perioden mellom 500 og 200 millionar år sidan. Gondwana bestod av landmassar som i dag er på den sørlege halvkula, som Antarktis, Sør-Amerika, Afrika, Madagaskar, Australia-New Guinea og New Zealand, samt Arabia og det indiske subkontinentet, som i dag er på den nordlege halvkula. Namnet kjem frå regionen Gondwana nord i sentrale område av India (frå sanskrit gondavana «skogen til gondifolket|gond»).

Dei andre kontinenta, Nord-Amerika og Eurasia var samla i superkontinentet Laurasia. Saman danna Gondwana og Laurasia superkontinentet Pangea.

Paleogeografi[endre | endre wikiteksten]

Delar av Gondwana låg der Antarktis ligg i dag, men under mesozoikum var den globale middeltemperaturen langt høgare enn i dag, og på Gondwana var derfor det biologiske mangfaldet stort. Under juratida, for om lag 160 millionar år sidan, reiv Afrika seg laus frå superkontinentet og byrja å drive nordover. Under eldre kritt, for 125 millionar år sidan, reiv India seg laus, og under yngre kritt for 80 millionar år sidan reiv New Zealand seg laus. 15 millionar år seinare skjedde det noko som gjorde at halvparten av alle artane på jorda døydde ut, den såkalla KT-grensa der mellom anna dinosaurane forsvann.

Under tertiær for 55 millionar år sidan byrja det australske kontinentet å rive seg laus frå Gondwana. Sidan kontinentet i starten roterte omkring sin eigen akse, heldt det ein viss kontakt med det som var igjen av Gondwana i lengre tid. For omkring 45 millionar år sidan kolliderte det indiske subkontinentet med Asia, noko som førte til at Himalaya vart danna. Omtrent samstundes reiv dei sørlege delane av Australia, dagens Tasmania, seg laus frå det som i dag er Antarktis. Havvatn byrja å strøyme inn mellom dei to kontinenta, og dette førte til lågare temperatur og tørrare klima.

Viktigare for det globale klimaet var lausrivinga til Sør-Amerika under oligocen (30 millionar år sidan). Då Drakessundet opna var det ikkje lenger noko som tvinga det kalde vatnet i Sørishavet nordover, der det tidlegare hadde blanda seg med det varme tropiske vatnet. I staden oppstod den Antarktiske sirkumpolarstraumen som gjorde Antarktis til dagens kalde kontinent. Ein stor del av ferskvatnetjorda finst bunde som is på Antarktis. Havtemperaturen minka nesten 10 grader, og det globale klimaet vart mykje kaldare.

For omkring 15 millionar år sidam kolliderte Ny-Guinea med det sørlege Asia, som igjen skapte høge fjell. For berre 3,5 millionar er sidan vart Sør-Amerika knytt saman Nord-Amerika gjennom Panamaeidet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]