Antibiotikum
| Antibiotikum | |||
| | |||
| Klassifikasjonar og ressursar | |||
|---|---|---|---|
| MeSH | D000900 | ||

Antibiotika er stoff som kan hindra formeiringa eller drepa ulike mikroorganismar.[1][2] Antibiotika kan verta brukt som lækjemiddel for å behandla eller førebygga nokre typar bakterieinfeksjonar,[3] det er ikkje brukande mot virus.[4] Det er mange bakterieinfeksjonar som går over av seg sjølv, og som difor ikkje treng antibiotikabehandling.[5] Bakteriar kan sjølv produsera og spreia antibiotikum for å hevda seg i konkurransen med andre bakteriar.[6]
Ulike typar antibiotikum
[endre | endre wikiteksten]Smalspektra- og breispektra antibiotikum
[endre | endre wikiteksten]Antibiotika kan delast inn i to typar: dei smalspektra og dei breispektra. Mange antibiotikum er smalspektra.[1] Dei smalspektra verkar berre på visse bakteriar, medan breispektra antibiotika kan gå laus på fleire ulike bakteriar samstundes.[7] I dei tilfella der meir eller mindre tradisjonelle antibiotika ikkje verkar, kan ein bruka breispektra antibiotikum. Bruken av breispektra antibiotikum er gjerne avgrensa til særleg alvorlege infeksjonar,[8] ettersom dei også går laus på nyttige bakteriar i kroppen og inneber dessutan ein høgare risiko for antibiotikaresistens.[9]
Verkemåte
[endre | endre wikiteksten]Antibiotika kan delast inn i ulike klasser basert på verkemåten deira:
- Antibiotikum som råkar celleveggsyntesen til bakteriar
- Antibiotikum som råkar proteinsyntesen til bakteriar
- T.d. tetrasyklinar, makrolidar og aminoglykosidar
- Antibiotikum som verkar på strukturen og funksjonen til cellemembranen hjå bakteriar
- T.d. polymyxinar og daptomycin
- T.d. fluorquinolonar og metronidazol
- Antimetabolittar som verkar på folsyresyntesen hjå bakteriar
- T.d. sulfonamidar og trimethoprim
Biverknader
[endre | endre wikiteksten]Antibiotikabehandling som er meint å ramma ein spesiell sjukdomsframkallande bakterie vil også ramma mange andre bakteriar som er del av mennesket sin normalflora, dette kan mellom anna føra til diaré og soppinfeksjon som biverknader.[10] Forutan kan kvalme vera ein biverknad ved antibiotikabehandling.[11]
Antibiotikaresistens
[endre | endre wikiteksten]Bakteriar som greier å motstå effekten av antibiotika kallast gjerne resistente.[12] Resistente bakteriar vert utvikla som følgje av at dei er veldig tilpassingsdyktige. Dette gjer at antibiotika kan verta mindre effektiv i framtidige behandlingar. Til dømes fungerer ikkje antibiotikumet penicillin mot penicillinresistente bakteriar.[11] Internasjonal reiseverksemd og dyrehandel kan bidraga til å spreia antibiotikaresistens.[5] Vidare kan sjølvmedisinering og overforbruk av antibiotika føra til auka antibiotikaresistens.[11][6] Verdas helseorganisasjon ser på antibiotikaresistens som ein av dei største trugslane mot helse og utvikling.[13]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Waagsbø, Bjørn: antibiotika i Store medisinske leksikon på snl.no. Henta 21. august 2025.
- ↑ Patel P., Wermuth H.R., Calhoun C. & Hall, G.A. «Antibiotics» (på engelsk). StatPearls Publishing. Henta 26. august 2025.
- ↑ «Overview: Antibiotics» (på engelsk). United Kingdom National Health Service (NHS). Henta 21. august 2025.
- ↑ «Antibiotic Use and Antimicrobial Resistance Facts» (på engelsk). Centers for Disease Control and Prevention (CDC). Henta 24. august 2025.
- 1 2 Folkehelseinstituttet. «Om antibiotikaresistens». Helse Norge. Henta 26. august 2025.
- 1 2 Rudi Emerson de Lima Procópio, Ingrid Reis da Silva, Mayra Kassawara Martins, João Lúcio de Azevedo & Janete Magali de Araújo (2012). «Antibiotics produced by Streptomyces». The Brazilian Journal of Infectious Diseases 16 (5): 466-471.
- ↑ «Hva er antibiotika?» (på norsk). antibiotika.no. Henta 26. august 2025.
- ↑ Reiersen, H. «Bredspektrede antibiotika» (på norsk). Store medisinske leksikon på snl.no. Henta 26. august 2025.
- ↑ Helsedirektoratet. «Hva er antibiotika?» (på norsk). Helse Norge. Henta 27. august 2025.
- ↑ Otterholt, E. & Tønjum, T. «normalflora» (på norsk). Store medisinske leksikon på snl.no. Henta 26. august 2025.
- 1 2 3 «Antibiotika: Antibiotikaresistens» (på norsk). Sykehusapotekene. Henta 26. august 2025.
- ↑ Tønjum, T. & Otterholt, E. «Antibiotikaresistens» (på norsk). Store medisinske leksikon på snl.no. Henta 26. august 2025.
- ↑ «Antimicrobial resistance» (på engelsk). Verdas helseorganisasjon. Henta 26. august 2025.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Antibiotikum» frå Wikipedia på dansk, den 27. august 2025.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Internettportal om antibiotikaresistens ved nettstaden til Universitetssjukehuset Nord-Noreg.
- Antibiotika ved nettstaden til Verdas helseorganisasjon.
- Nasjonal faglege retningslinjer
- Antibiotika i primærhelsetenesta i helsedirektoratet.no
- Antibiotika i sjukehus i helsedirektoratet.no