Kilogram
Kilogram er den grunnleggande SI-eininga for måling av masse. Symbolet for kilogram er kg. Prefikset kilo er det latinske ordet for tusen.
Kilogram er den einaste SI-eininga som framleis blir definert av ein bestemt prototyp, og ikkje av ein meir nøyaktig fysisk definisjon.[1]
Eit kilogram er definert som massen til ei bestemt mengde av ei platina-iridiumlegering. Denne mengda held hus hjå Det internasjonale byrået for mål og vekt (Bureau International des Poids et Mesures). Opphavleg var eininga definert som massen til éin liter reint vatn.
Eitt kilogram er om lag vekta av éin kubikkdesimeter (ein liter) vatn.
Kilogram, i daglegtale ofte berre kalla «kilo», er ein av de mest brukte einingane for måling av masse.
1 kilogram er lik:
Og motsett:
- 1 gram = 0,001 kilogram
- 1 dekagram = 0,01 kilogram
- 1 hektogram = 0,1 kilogram
- 1 megagram (tonn) = 1 000 kilogram
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kilogram» frå Wikipedia på bokmål, den 22. mars 2005.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Tiden renner ut for alle kiloers mor». NRK.no. 20. mai 2018.