Antidrivhuseffekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Antidrivhuseffekt er eit nytt ord nytta for å skildre to forskjellige effektar som skildrar avkjølinga ein atmosfære har på temperaturen på ein planet. I motsetnad til drivhuseffekt, som er meir vanleg, er antidrivhuseffekten berre kjend frå ein stad i solsystemet.

Den vanlege drivhuseffekten oppstår fordi atmosfæren i stor grad let solstråling gå gjennom atmosfæren uhindra, medan infraraud stråling (varmestråling) vert fanga inne i atmosfæren. Med ein antidrivhuseffekt skjer det motsette (det vil sei at sollyset ikkje trengjer gjennom atmosfæren, medan varmestrålinga slepper ut).

Titan[endre | endre wikiteksten]

«Disen» på Titan

Dis med organiske molekyl i den øvre atmosfæren på månen Titan absorberer 90 % av solstrålinga som når månen, men klarar likevel ikkje å fange varmestrålinga frå overflata. Sjølv om ein kraftig drivhuseffekt likevel gjer at tempraturen på Titan er mykje høgare enn termal likevekt[1], har Titan òg ein antidrivhuseffekt, som delvis opphever oppvarminga som drivhuseffekten fører til. Overflatetemperaturen er dermed om lag 9 °C kaldare enn han elles ville vore med berre drivhuseffekten aleine[2]. I følgje McKay et al.,[1] reduserer antidrivhuseffekten på Titan overflatetemperaturen med 9 ºC, medan drivhuseffekten aukar overflatetemperaturen med 21 ºC. Den samla effekten er at overflatetemperaturen (på 94 K eller -179 ºC) er 12 ºC høgare enn den effektive temperaturen (på 84 K, temperaturen ein ville hatt på planeten om her ikkje var noko atmosfære).

I tillegg skapar denne effekten ein permanent omvendt termoklin på Titan, der atmosfæretemperaturen aukar med høgda over tropopausen[3]. Denne forma for antidrivhuseffekt er berre kjend på Titan, men ein får ein liknande avkjølingseffekt under ein atomvinter.

Pluto[endre | endre wikiteksten]

Pluto finst ein annan mekanisme som ikkje eigentleg er ein antidrivhuseffekt. Sollys treffer nitrogenis på overflata av dvergplaneten og får han til å sublimere. Dette fører til at temperaturen på Pluto er kring 10 ºC lågare enn på månen sin Charon[4]. Sublimasjonen fører til avkjøling og liknar prosessen på jorda når sollys direkte fordampar is. Dette er den motsette effekten av rimdanning. På jorda vert derimot ikkje dette kalla ein antidrivhuseffekt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 C.P. McKay, J.B. Pollack, og R. Courtin, «Titan: Greenhouse and Anti-greenhouse Effects on Titan», Science, Vol. 253, no. 5024, 6. september 1991, s. 1118 - 1121, DOI: 10.1126/science.11538492 abstract. Sjå òg McKay, «Titan: Greenhouse and Anti-greenhouse», Astrobiology Magazine 3. november 2005
  2. Planetary Photojornal - PIA06236: Titan: Complex 'Anti-greenhouse'
  3. [1]
  4. Space.com - Pluto Colder Than Expected