Drivhuseffekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Drivhuseffekten i strålingsbalansen til jorda

Drivhuseffekten eller atmosfæreeffekten er absorpsjon av energi i ein atmosfære. Effekten gjer at temperaturen på ein planet er høgare enn han elles ville vore. Planeten Venus er kjend for å ha ein særskilt sterk drivhuseffekt.

Jordatmosfæren[endre | endre wikiteksten]

Kortbølgja sollys trengjer inn i jordatmosfæren. Desse bølgjene blir omdanna til langbølgja varmeenergi som ikkje slepper like lett ut att, men blir absorbert og reemittert av drivhusgassar. Temperaturen på jordoverflata blir mykje høgare enn han ville vore i ein atmosfære utan drivhusgassar. Ein reknar gjerne med ein global gjennomsnittstemperatur på rundt -18 °C utan drivhusgassar, medan temperaturen i dag er rundt +15° C.

Livet på jorda treng den drivhuseffekten som jordatmosfæren skaper. Men mykje tyder på at dei store utsleppa av gassar som karbondioksid og metan frå det moderne samfunnet aukar drivhuseffekten så mykje at det kan gje dramatiske klimaendringar. Kjemikaren Svante Arrhenius var truleg den første som kom fram til at utslepp av drivhusgassar kunne få temperaturen på jorda til å stiga.

Drivhusgassar[endre | endre wikiteksten]

Mange gassar medverkar til drivhuseffekten. Vassdamp (H2O), metan (CH4), KFK-gassar, og karbondioksid (CO2) er mellom dei viktigaste.

Andre moglege faktorer i temperaturendring[endre | endre wikiteksten]

Variasjon i jordaksehelling og bana rundt sola kan tenkjast å påverka temperaturen på jorda. I tillegg kan skyer, solflekkaktivitet og kosmisk stråling verka inn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Drivhuseffekt