Anton Fredrik Klaveness (1903–1981)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anton Fredrik Klaveness
AntonFredrikKlavenessJr.jpg
Fødd 8. november 1903
Sandefjord
Død

15. april 1981 (77 år)
Bærum

Yrke reiar

 

Anton Fredrik Klaveness (8. november 190315. april 1981) var ein norsk skipsreiar.[1]

Han var son av skipsreiaren Anton Fredrik Klaveness (1874–1958) og Therese Grøn (1875–1948). Farfaren Anton Fredrik Klaveness (1839–1904) grunnla familieføretaket, reiarlaget Klaveness, men døydde året etter Anton Fredrik vart fødd. Etter Oslo handelsgymnasium og studium i utlandet, arbeidde Klaveness frå 1923 i familieføretaket og var frå 1934 med i leiinga i reiarlaget.[2] Frå 1947 var han styreformann i reiarlaget og hadde òg styreverv i Norges rederiforbund og Skibsfartens Arbeidsgiverforening.

Han var med i styringa for forsikringsselskapet Vega, Shell, O. Thoresen shipping, Sydvaranger, Andresens bank, Veritas, Framnæs Mek. Verksted og Schous bryggeri. Frå 1935 til 1937 var han medlem av heradstyret i Bærum.

Klaveness deltok som ryttar under sommar-OL 1928 i Amsterdam. Han var òg formann i Norsk Jockeyklubb. Elles var han ivrig seglar og skiløpar.[2] Saman med broren Dag skipa han Anton og Therese Klaveness reise- og studiestipendium med namn etter foreldra deira.

Anton Fredrik Klaveness gifta seg i 1923 med Lucy Egeberg (1907–1992) av Egeberg-slekta frå Sjælland. I 1938 gifta han seg med Brita Zahle (1912–1974) som var dotter av den danske ministeren/ambassadør i Berlin.

Anton Fredrik Klaveness var riddar av St. Olavs Orden (1961), den svensken Vasaordenen og den nederlandske Oranje-Nassau-ordenen.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Klaveness, Anton Fredrik i Hvem er Hvem, 1948.
  2. 2,0 2,1 Anton Fr. Klaveness 60 år i dag i Aftenposten den 8. november 1963.