Sandefjord kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sandefjord kommune
Kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestfold
Adm.senter Sandefjord
Areal 121 km²
 - land 119 km²
 - vatn km²
Folketal 45 820 (1. januar 2016)
Folketettleik 385 / km²
Målform Bokmål
Ordførar Bjørn Ole Gleditsch (H)
Kommunenummer 0706
NO 0706 Sandefjord.svg
Wikimedia Commons: Sandefjord

Sandefjord kommune er ein kommune i Vestfold fylke, som ligg mellom Tønsbergfjorden i aust, Goksjø i nordvest og Sandefjordsfjorden i sørvest. Kommunen grensar i nord til Stokke, i nordvest til Andebu, i vest til Larvik og aust for Tønsbergfjorden til Tjøme kommune. Utanfor kysten er det ein skjergard.

Kommunesenteret er byen Sandefjord. Bysenteret ligg inst i Sandefjordsfjorden og busetnaden strekker seg sørover fjorden på begge sider. Over 90 % av befolkninga i kommunen bur i tettstaden Sandefjord, og nesten heile området mellom Sandefjordsfjorden og E18 er bymessig bygd ut.

Den nåverande kommunen blei oppretta i 1968 da det tidlegare Sandefjord blei slått saman med kommunen Sandar.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Sandefjord lufthamn, Torp har samband til nasjonale og internasjonale destinasjonar. Ferjeselskapet Color Line driv ei ferjerute til Strömstad i Sverige. Både Vestfoldbanen (med togstopp på Sandefjord stasjon og Torp stasjon) og Europaveg 18 går gjennom kommunen.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Kommunen har mykje jordbruksareal. Jordbruket er særleg konsentrert om korndyrking og hagebruk, i tillegg til storfe og hønsehald. Skogbruket er i hovudsak basert på avverking av gran.

Kystlinja langs Sandefjordsfjorden, Mefjorden og Lahellefjorden er om lag 83 kilometer lang og er eit populært friluftsområde med stor hytteutbygging. Dei to halvøyane mellom Sandefjordsfjorden og Tønsbergfjorden (Østerøya og Vesterøya, delt av Mefjorden) har små gardsbruk, samlingar av bustader og feriehus.

Kommunen har vidaregåande skolar med varierte studieretningar, Skiringssal folkehøyskole og avdeling av Handelshøyskolen BI.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]