Antonio Bibalo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Antonio Bibalo
Fødd18. januar 1922
FødestadTrieste
Død20. juni 2008 (86 år)
DødsstadLarvik
OpphavNoreg
Sjangeropera
Instrumentpiano
Verka somkomponist, pianist
Prisarriddar av St. Olavs Orden, Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen, Lindemanprisen

Antonio Gino Bibalo (fødd 18. januar 1922 i Trieste i Italia, død 20. juni 2008 i Larvik)[1] var ein norsk-italiensk pianist og samtidskomponist. I Noreg gjekk han under kallenamnet «Nino». Komponisten Olav Anton Thommessen har sagt fylgjande om han: «Antonio Bibalo er den einaste operakomponisten her til lands som har fått til noko.»[2]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Antonio Bibalo utdanna seg til pianist i Trieste og tok diplomeksamen ved musikkonservatoriet i byen i 1946. Han reiste til London i 1953 der han heldt fram med å studera komposisjon, særleg under Elisabeth Lutyens som var ein forkjempar for tolvtonemusikk. Etter å ha reist på ferie til Larvik i 1956, bestemte Bibalo seg for å slå seg ned der. Han vart norsk statsborgar i 1967. I høve åttiårsdagen hans i 2002 arrangerte Larvik kommune eit eige Bibalo-år og det vart reist to statuer av han; ei på Den Norske Opera og ei i Larvik.[3] I 2003 vart det gjeve ut ei festskriftbok til komponisten. Den fekk namnet Antonio Bibalo: Musica e vita - Vita e musica, og inneheldt tekstlege helsingar frå Synne Skouen, Rolf Gupta og Elef Nesheim m. fl. Boka vart redigert av Lasse Thoresen og Tordis Valland, og illustrasjonane vart utvalde av kona til komponisten, biletkunstnaren Grete Lis Bibalo.[4]

Då komponisten gjekk bort i 2008, vart han bisett i Larvik kyrkje der både ein katolsk og ein luthersk prest forretta. Ordføraren i Larvik, Øyvind Riise Jenssen, uttalte då at «Folk flest er nok ikkje klar over kor stor han var».[5]

Utvalde verk[endre | endre wikiteksten]

Kammermusikk[endre | endre wikiteksten]

  • 1968: Autunnale
  • 1982: The Savage

Operaer[endre | endre wikiteksten]

  • 1958/1962: The smile at the foot of the ladder
  • 1965: Frøken Julie
  • 1981: Gjengangere
  • Macbeth, urframført 1990.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar