Anxhela Peristeri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anxhela Peristeri
Fødd24. mars 1986 (38 år)
FødestadKorçë
OpphavAlbania
Aktiv2004–
Instrumentvokal
Verka somsongar

Anxhela Peristeri (fødd 24. mars 1986) er ein albansk songar og låtskrivar. Ho scenedebuterte i 2001, då ho deltok i Festivali i Këngës. Tre år seinare gav ho ut debutalbumet sitt, Anxhela për ju. Peristeri har sidan motteke fleire prisar og utmerkingar, blant andre Festivali i Këngës Award og Kënga Magjike Award. I mai 2021 representerte ho Albania i Eurovision Song Contest 2021 med låten «Karma».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Peristeri vart fødd 24. mars 1986 i Korçë i den dåverande sosialistiske folkerepublikken Albania, der ho voks opp i ein kristenortodoks familie.[1][2]

I desember 2001 dukka Peristeri for fyrste gong opp i offentlegheita i Albania, då ho deltok i den 40. utgåva av Festivali i Këngës med songen «Veitëm ty të kam».[2] I 2004 gav ho ut sitt fyrste og førebels einaste album, Anxhela për ju. Ho har sidan opptredd på ei rekkje konsertar, turnear og tv-program i Albania, blant andre Kënga Magjike, Çmima Kult, Netët e Klipit og YFSF.[3] I 2018 heldt ho konserten Reflektim.[3]

Peristeri har delteke i fleire talent- og TV-tevlingar. I desember 2016 deltok ho for fyrste gong i talenttevlinga Kënga Magjike med songen «Genjështar», der ho enda på andreplass. Året etter vann ho same tevling med songen «E çmëndur».[4][5] I desember 2019 deltok ho i Kënga Magjike for tredje gong, og enda då på tredjeplass med songen «Dikush i imi».[6]

I oktober 2020 kunngjorde den albanske allmennkringkastaren Radio Televizioni Shqiptar (RTSH) at Peristeri var blant dei 26 deltakarane i den 59. utgåva av Festivali i Këngës. Ho deltok med songen «Karma».[7] Finalen vart arrangert 23. desember 2020, og Peristeri vann Festivali i Këngës. Gjennom sigeren fekk ho representere Albania i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland. Peristeri deltok med «Karma» i den andre semifinalen torsdag 20. mai 2021 og kvalifiserte seg til finalen 22. mai.[8][9][10] I finalen enda ho på 21. plass.[11]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • Anxhela për ju (2004)

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Tittel
2001 «Veitëm ty të kam»
2004 «1001 djem»
«Ishe mbret»
2005 «Hej ti»
«Sonte dridhuni»

(med Big Man)

2014 «Femër mediatike»
«Ai po ikën»
2015 «Bye Bye»

(med Marcus Marchado)

«Ska si ne»

(med Aurel, Blerina og Erik Lloshi)

«Si po jetoj»
2016 «Llokum»

(med Gold AG og Labi)

«Genjështar»
2017 «Qesh»

(med Aurel Thëllimi)

«I joti»
«E çmëndur»
2018 «Insanely in Love»

(med Kastriot Tusha)

«Shpirti ma di»
«Pa mua»
2019 «Muza ime»

(med Mateus Frroku)

«Maraz»
«Shpirt i bukur»
«Dikush i imi»
2020 «Ata»

(med Sinan Vllasaliu)

«Dashni»
«Lujta»
«Karma»

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Anxhela Peristeri #Bio» (på albansk). Top Music Awards. Arkivert frå originalen den 25. desember 2020. Henta 25. desember 2020. 
  2. 2,0 2,1 «Anxhela Peristeri :: Biografia». Henta 29. desember 2020. 
  3. 3,0 3,1 «Anxhela Peristeri - Albania - Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 29. desember 2020. 
  4. «“Ma thuaj ti” fiton “Këngën Magjike”» (på engelsk). 11. desember 2016. Arkivert frå originalen 25. desember 2020. Henta 29. desember 2020. 
  5. «“E çmendur”, kënga më e mirë për 2017-ën» (på engelsk). 10. desember 2017. Arkivert frå originalen 28. oktober 2020. Henta 29. desember 2020. 
  6. «Eneda Tarifa, fituesja e Kënga Magjike» (på albansk). Televizioni Klan. 7. desember 2019. Arkivert frå originalen 28. oktober 2020. Henta 28. oktober 2020. 
  7. Smith, David (28. oktober 2020). «Albania: 26 artists confirmed for Festivali i Këngës 59…including Orgesa Zaimi, Inis Neziri and Era Rusi». Wiwibloggs. Arkivert frå originalen 28. oktober 2020. Henta 28. oktober 2020. 
  8. «Anxhela Peristeri to represent Albania at Eurovision 2021!» (på engelsk). EBU. 23. desember 2020. Arkivert frå originalen 24. desember 2020. Henta 29. desember 2020. 
  9. «Anxhela Peristeri fiton çmimin e parë në festivalin e 59-të të këngës» (på albansk). Radio Televizioni Shqiptar (RTSH). 24. desember 2020. Arkivert frå originalen 24. desember 2020. Henta 25. desember 2020. 
  10. «Eurovision 2021 Semi-final 2 Results». Henta 22. mai 2021. 
  11. «Anxhela Peristeri - Albania - Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 5. september 2021.