Ao dai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
KOCIS Korea Hanbok-AoDai FashionShow 03 (9766157012).jpg

Ao dai (vietnamesisk áo dài) er ei tradisjonell klesdrakt frå Vietnam av vide bukser med ein lang tunika over. Ho er rekna som vietnamesisk nasjonaldrakt, og kan brukast til kvardag og fest. I si moderne form er ao dai ei formsydd drakt som helst blir brukt av kvinner. Ho er avleidd frå ei eldre hoffdrakt som blei brukt av begge kjønn. Ei tilsvarande drakt for vietnamesiske menn til bruk ved formelle høve er brokadetunikaen áo gấm.

Ordet áo dài blit uttalt ʔǎːw zâːj i Nord-Vietnam og ʔǎːw jâːj i sør. Áo kan omsetjast til 'skjorte'[1] og dài tyder 'lang'.[2] Omgrepet blei først brukt om klede frå Nguyễn-hoffet i Huế på 1700-talet. Desse kleda utvikla seg til áo ngũ thân, ei aristokratisk drakt med fem panel som blei brukt på 1800- og tidleg på 1900-talet. Denne drakta blei så modernisert med inspirasjon frå parismote av kunstnararar ved Universitetet i Hanoi i 1920- og 1930-åra.[3] Drakta blei gjeven si noverande tettsitjande utforming i Saigon på 1950-talet..[3] Ao dai blei teken i bruk som eit nasjonalt symbol, og var særs mykje brukt i Sør-Vietnam på 1960- og 1970-talet.

Samansetjing[endre | endre wikiteksten]

Diagram over delane i ein ao dai.
Ao dai med lauvhatt (nón lá).

Tà sau: Bakstykke

Nút bấm thân áo: Festekrokar og hol
Ống tay: Erme
Đường bên: Innersaum
Nút móc kết thúc: Hovudkrok og hol

Tà trước: Framstykke

Khuy cổ: Krageknapp
Cổ áo: Krage
Đường may: Saum
Kích (eo): Liv

Som hovudplagg til ein ao dai kan ein bruka ein konisk lauvhatt (nón lá), ein stil som er knytt til Huế. Til bryllaup og andre formelle høve kan ein bruka ein rund hatt kalla khăn đóng.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Før Nguyen-dynastiet[endre | endre wikiteksten]

Portrett av prins Tôn Thất Hiệp frå 1600-talet. Han har på seg ei drakt med kryssande opning (áo giao lĩnh) som var utbreidd i den vietanemiske overklassen før 1800-talet.

Klesdrakta for vietnamesiske bondekvinner var i fleire hundreår ein enkel topp (yếm) under ein bluse eller jakke, i tillegg til eit skjørt (váy).[4] Adelege, på den andre sida, bar gjerne ei lang drakt med kryssande opning kalla áo giao lĩnh. Drakta var i slekt med kinesisk hanfu, koreansk hanbok og japansk kimono.[5][6] I 1744 gav herskaren Nguyễn Phúc Khoát av Huế ordre om at både menn og kvinner ved hoffet hans skulle bruka bukser og ein lang topp knappar framme.[3] Forfattaren Lê Quý Đôn skildra den nye drakta som áo dài (lang drakt).[7] Medlemmer ved det sørlege hoffet kunne dermed skiljast frå dei som var knytt til Trịnh-herskarane i Hanoi, som brukte áo giao lĩnh med lange skjørt.[5]

Nguyen-dynastiet[endre | endre wikiteksten]

Under Nguyen-dynastiet blei kinesiske klede frå Ming-dynastiet innførte i riket deira, det såkalla Cochinkina i sørlege Vietnam.[8][9][10][11][12][13] Den vietnamesiske varianten av kleda reduserte etterkvart dei mange ulike plagga til to kompakte og formsydde.[14] Fram til 1920-åra kunne folk i isolerte landsbyar i Nord-Vietnam framleis bruka skjørt.[15] Nguyễn Phúc Khoát gav ut eit dekret som skildra forma til at ao dai og sa at han skulle brukast av alle i riket. Plagget bidrog til nasjonal sameining etter at Nguyen-riket hadde overvunne Trịnh-herskarane i nord.[16]

1800-talet[endre | endre wikiteksten]

Den tradisjonelle drakta áo tứ thân, med fire panel, blei omforma til áo ngũ thân med fem panel tidleg på 1800-talet.[17] Ngũ er sino-vietnamese for 'fem'. Namnet viser ikkje berre til talet på panel, men også til dei fem elementa i asiatisk mytologi. Brukarar kunne syna rikdom gjennom å bruka fleire lag, ettersom tekstilar var kostbare. Tre og opptil fem lag kunne brukast av aristokratar i nord.

Drakta var laustsitjande med vide erme. Han hadde splitt i sida, slik som den moderne ao daien. Han hadde høg krage og var knappa som ein ao dai.

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Modernisering og uniformering[endre | endre wikiteksten]

Kvit ao dai frå 1960-talet framfor ein lilla silke-ao dai frå føre tiåret. Frå ei utstilling ved Det vietnamesiske kvinnemuseet i Hanoi.

Moderne tekstilproduksjon mogleggjorde endringar i utforminga av ao dai. Større tøybreidder gjorde at ein kunne ha vidare panel i staden for å sy fleire saman. Billigare tøy gjorde at fleire lag mista tydinga som statussymbol. Ao dai blei brukt som skuleuniform ved Đồng Khánh vidaregåande skule for jenter i Huế, som opna i 1917.[18] Seinare er ao dai blitt mykje brukt som skuleuniform for jenter i Sør-Vietnam.

I 1921 blei den første moderniserte versjonen av drakta presentert ved ei motevising i Paris. Kunstnaren Cát Tường frå Hanoi, kjend som Le Mur, laga ei drakt inspirert av áo ngũ thân og av parisiske klede i 1930. Den fotside drakta var formsydd med innsvinga liv.[19] Den såkalla áo dài Le Mur skapte ein sensasjon då han blei brukt av modellen Nguyễn Thị Hậu i ein reportasje for avisa Today i januar 1935.[20] Kunstnargruppa Tự Lực văn đoàn ('Sjølvbergande literatturgruppa') heldt han fram som ei nasjonaldrakt for moderne tid.[21] Kunstnaren Lê Phô la fram fleire populære stilar av ao dai frå 1934. Under andre verdskrigen forsvann denne vestleggjorte moten.

På 1950-talet gjorde skreddarar i Saigon drakta meir tettsitjande, ei utforming han stort sett følgjer i dag.[3] Trần Kim frå Thiết Lập-skreddarane og Dũng frå Dũng-skreddarane laga ein tunika med raglanerme og ein diagonal saum frå krage til underarm.[3] Madame Nhu, rekna som førstedame av Sør-Vietnam, innførte ein populær kragelaus versjon i 1958. Ein fargerik áo dài hippy såg dagens lys i 1968.[22] Ein áo dài mini med splitt opptil livet og panel som berre nådde kneet blei innført som ein meir praktisk versjon av plagget.[19] Denne blei mykje brukt av skulejenter.[16]

Bruk i kommunisttida[endre | endre wikiteksten]

Ao daiar i ulike fargar.

Ao dai var særleg mykje brukt frå 1960 til 1975.[23] Plagget har alltid vore vanlegar sør i Vietnam enn i nord.

Kommunistane, som fekk makta i nord i 1954 og i sør i 1975, hadde eit blanda syn på plagget. Dei roste det som eit nasjonalt symbol, og Vietcong-forhandlaren Nguyễn Thị Bình hadde på seg ein ved fredsforhandlingane i Paris (1968–73).[24] Samstundes blei vestleggjorte variantar av plagget, særleg dei knytt til det «dekadente» Saigon på 1960- og 1970-talet, fordømde.[25] Økonomisk krise, svolt og krigen mot Kambdosja bidrog til å gjera 1980-talet til eit særs dårleg tiår for mote.[17] The ao dai was rarely worn except at weddings and other formal occasions, with the older, looser-fitting style preferred.[25] Eksil-vietnamesarar heldt tradisjonen i live med ao dai missekonkurransar (Hoa Hậu Áo Dài).[3]

Seint på 1980-talet fekk bruken av plagget eit oppsving, då statlege selskap og skular tok ao dai i bruk som uniform igjen.[3] In 1989 var 16 000 vietnamesarar med i ein Miss Ao Dai-konkurranse i Ho Chi Minh-byen (den tidlegare Saigon).[26] Då prisen for beste nasjonaldrakt for Miss International-konkurransen i Tokyo i 1995 gekk til Trường Quỳnh Mai i ein ao dai, erklærte Thời Trang Trẻ ('Ny mote-magasinet') at den «nasjonale sjela» til Vietnam «igjen var æra.»[27] Interessa for plagget auka i dei følgjamde åra, og plagget blei meir utbreidd som skuleuniform.[28] Ao dai blei mindre kontroversiell og meir eit patriotisk plagg, ofte kalla áo dài Việt Nam. Då Miss Universe-konkurransen i 2008 blei halden i Nha Trang i Vietnam laga vietnamesiske designerar ao daiar for alle deltakarane.[29]

Jenter i kvite ao daiar.

Ao dai er no vanleg klesdrakt ved bryllaup, feiring av vietnamesisk nyttår (tết) og andre formelle høve. Han er brukt som uniform av kvinnelege lærare og av eldre skulejenter i Sør-Vietnam og i mange verksemder, slik at til dømes mange flyvertinner, resepsjonistar og tilsette ved bankar, restaurantar og hotell bruker drakta.

Ao dai i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Vår Frue-statue i ao dai ved Phat Diem domkyrkje.

Ao dai er blitt brukt i fleire filmar knytt til Vietnam. I Good Morning, Vietnam (1987) blir rollefiguren spelt av Robin Williams trollbunden av kvinner i ao dai når han først kjem til Saigon. Filmane Indochine og The Lover frå 1992 inspirerte fleire internasjonale motehus til å laga ao dai-kolleksjionar,[30] som Prada sin SS08-kolleksjon og ein kolleksjon frå Giorgio Armani. I den vietnamesiske filmen Áo lụa Hà Đông (engelsk The White Silk Dress) frå 2007 er ein ao dai sentral som den einaste dyrebare eigedelen til ei mor som lever i fattigdom under nokre av dei mest dramatiske åra i vietnamesisk historie.[31]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Áo is derived from a Middle Chinese word meaning "padded coat". "ao dai", definition of ao dai in Oxford dictionary (British & World English). Retrieved November 3, 2014.
  2. Phan Van Giuong, Tuttle Compact Vietnamese Dictionary: Vietnamese-English English-Vietnamese (2008), p. 76. "dài adj. long, lengthy."
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Ellis, Claire (1996). «Ao Dai: The National Costume». Things Asian. Henta August 2, 2008. 
  4. Leshkowich, p. 89.
  5. 5,0 5,1 Vu, Thuy (2014). «Đi tìm ngàn năm áo mũ». Tuoi Tre. Henta June 16, 2015. 
  6. Unknown, T.Van (2013). «Ancient costumes of Vietnamese people». Vietnamnet. Henta June 16, 2015. 
  7. Lê Quý Đôn, Phủ Biên Tạp Lục [Frontier Chronicles] (1775-76), Lord Nguyễn Phúc Khoát wrote the first page in the history of the áo dài. "Chúa Nguyễn Phúc Khoát đã viết những trang sử đầu cho chiếc áo dài như vậy".
  8. Alexander Woodside (1971). Vietnam and the Chinese Model: A Comparative Study of Vietnamese and Chinese Government in the First Half of the Nineteenth Century. Harvard Univ Asia Center. s. 134–. ISBN 978-0-674-93721-5. 
  9. Globalization: A View by Vietnamese Consumers Through Wedding Windows. ProQuest. 2008. s. 34–. ISBN 978-0-549-68091-8. 
  10. http://angelasancartier.net/ao-dai-vietnams-national-dress
  11. http://beyondvictoriana.com/2010/03/14/beyond-victoriana-18-transcultural-tradition-of-the-vietnamese-ao-dai/
  12. http://fashion-history.lovetoknow.com/clothing-types-styles/ao-dai
  13. http://www.tor.com/2010/10/20/ao-dai-and-i-steampunk-essay/
  14. Anthony Reid (June 2, 2015). A History of Southeast Asia: Critical Crossroads. John Wiley & Sons. s. 285–. ISBN 978-0-631-17961-0. 
  15. A. Terry Rambo (2005). Searching for Vietnam: Selected Writings on Vietnamese Culture and Society. Kyoto University Press. s. 64. ISBN 978-1-920901-05-9. 
  16. 16,0 16,1 Vietnamese Ao Dai: From Dong Son bronze drum to int'l beauty contests, 28/02/2016, https://www.vietnambreakingnews.com/2016/02/vietnamese-ao-dai-from-dong-son-bronze-drum-to-intl-beauty-contests/ 
  17. 17,0 17,1 Valverde, Caroline Kieu (2006). «The History and Revival of the Vietnamese Ao Dai». NHA magazine. Henta August 2, 2008. 
  18. Kauffner, Peter. Ao dai: The allure and grace of Vietnam's traditional dress Arkivert 22. mai 2013 på Wayback Machine., Asia Insights: Destination Asia, September–October 2010
  19. 19,0 19,1 Leshkowich p. 91.
  20. «A Fashion Revolution». Ninh Thuận P&T. Arkivert frå originalen June 23, 2008. Henta August 2, 2008. 
  21. «Vietnamese Ao dai history». Aodai4u. Henta August 2, 2008. 
  22. Bich Vy-Gau Gi, Ao Dai — The Soul of Vietnam Henta 2. juli 2008.
  23. Elmore, Mick (September 17, 1997), Ao Dai Enjoys A Renaissance Among Women : In Vietnam, A Return to Femininity, http://www.nytimes.com/1997/09/17/news/17iht-saodai.t.html 
  24. «Vietnamese AoDai». Overlandclub. Arkivert frå originalen March 19, 2008. Henta July 2, 2008. 
  25. 25,0 25,1 Leshkowich p. 92.
  26. Vu, Lan (2002). «Ao Dai Viet Nam». Viettouch. Henta July 3, 2008. 
  27. Leshkowich p. 79.
  28. Leshkowich p. 97.
  29. «Miss Universe contestants try on ao dai». Vietnam.net Bridge. 2008. Arkivert frå originalen den August 1, 2008. Henta August 2, 2008. 
  30. «Ao Dai — Vietnamese Plus Size Fashion Statement». Henta July 14, 2008. 
  31. «Vietnam send Ao Lua Ha Dong to Pusan Film Festival». VietNamNet Bridge. 2006. Henta July 13, 2008. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ao dai