Raglanerme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
T-skjorte med raglanerme.

Raglanerm eller raglanerme er ein type erme som er karakterisert ved at det går i eit kileforma stykke heilt opp til kragen,[1] noko som gjev ein diagonal saum frå underarmen til kragebeinet.[2]

Ermetypen er oppkalla etter lord Raglan, den 1. baron Raglan, som skal ha hatt ein frakk med denne typen erme etter han mista ein arm under slaget ved Waterloo.[3] Raglanermet blei funne opp av frakkemakaren Aquascutum for lord Raglan for å gje han plass til å bruka sverdet sitt i kamp. Det gav betre rørsle til beraren i staden for eit normalt erme som var sydd fast til skuldersaumen. Ein frakk med raglanerme kan også kallast raglanfrakk.[4]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «raglanerm» i Nynorskordboka.
  2. Quinion, Michael. «Cardigan». World Wide Words. Henta 13. januar 2013. 
  3. Oxford English Dictionary Third edition, (2008) nettversjon september 2011, henta 7. november 2011. An entry for this word was first included in New English Dictionary, 1903.
  4. «raglanfrakk» i Det Norske Akademis ordbok

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Raglanerme