Apasjar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Apache, ein vevtenar
Utbreiinga av sørataphaskspråka, som apachespråka høyrer til.

Apasjar (frå spansk apache, via engelsk) er eit sams namn på fleire indianarstammer som talar apachespråk. Navajoar, som snakkar navajo, blir ofte òg rekna som apasjar.

Eigentleg kalla stammene seg for diné (folket), men dei vart gjevne namnet apache, som betyr 'fiende', av zunifolket. Dette namnet vart teke i bruk av spanske og seinare engelsktalande nybyggjarar frå Europa.

Stammar[endre | endre wikiteksten]

Dei eigentlege apasjane omfattar ei rekkje folk med to hovudgrupperingar: San Carlos- eller vest-apasjane, som omfattar tonto, coyotero, pinal, arivaipa, pinaleño, chiricahua, mogollon, gileño og mimbreño, og aust-apasjane, som omfattar jicarilla, faraon, mescalero, llanero (dvs. «slettelandsfolk»), lipan og kiowaapasjane, som hadde knytt seg til Kiowa på det sørvestlege slettelandet.

Ved inngangen til 2000-talet var talet på apasjar i alt litt over 50 000, fordelt på statane Arizona, California, New Mexico, Texas, Oklahoma og Colorado i USA; dessutan bur nokre på den meksikanske sida av grensa. Særleg dei vestlege gruppene legg vekt på å halda tradisjonell religiøs utøving i hevd. Samstundes har fleire av reservata deira utvikla moderne næringsvegar, som turisme og kasinodrift.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Apasjane var først og fremst jegerar og sankarar, men dei vestlegaste gruppene dreiv også ein del jordbruk (mais). Dessutan vart regulært røveri ein viktig del av apasjane si tilpassing, særleg etter spanjolane kom. Dette gjaldt spesielt dei gruppene som streifa om mellom dei fastbuande pueblo-indianarane. Dei austlegaste gruppene var stort sett bisonjegerar. I dag driv mange apasjar kvegdrift.

Apasjane i populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

Gjennom populærlitteratur og westernfilmar har apasjane vorte kjende anten som fæle «villmenn» eller som tapre krigarar (jf. Geronimo), og dei var mellom dei siste indianske folkegruppene som måtte gi tapt overfor dei kvite si overmakt. Den mest kjende stammen er Chiricahua.

Kjende apasjar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]