Apollon Majkov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Apollon Majkov

Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 23. mai 1821
Moskva
Død

8. mars 1897 (75 år)
St. Petersburg

Yrke lyrikar, omsetjar, litteraturkritikar, skribent, kommentator
Språk russisk
Far Nikolay Maykov
Mor Yevgeniya Maykova
Ektefelle Anna Maykova
Apollon Majkov på Commons

Apollon Nikolajevitsj Majkov (4. juni 182120. mars 1897) var ein russisk lyrikar og omsetjar frå Moskva.

Majkov gav i 1842 ut si fyrste diktsamling. Han fekk snøgt ry for sine lyrisk-romantiske verk. Særleg påakta vart han for sine arbeid basert på antikke emne, greske så vel som romerske. Også høgt verdsett naturlyrikar.

Majkov gjendikta det historiske eposet Igorkvadet til moderne russisk, eit arbeid som kom ut i 1870. Han omsette tysk og polsk romantisk lyrikk til russisk, og han gav ut verk med folkeminne frå fleire europeiske land.

Vasilij Perov: Anatolij Majkov, 1872

Han døydde i St. Petersburg.

I boka Profet og nattergal (1977) har Erik Egeberg omsett diktet 'Søvnen' frå 1839.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]