Arådalen

Koordinatar: 62°56′N 13°38′E / 62.933°N 13.633°E / 62.933; 13.633
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Turistasjonen i Arådalen
Klokker ved Arådalen kapell

Arådalen er ein dal like vest for fjellet Hundshögen (1371 m) sør i Oviksfjällen i Berg kommun i Jämtland i Sverige. Han er kalla opp etter elva Arån som renn sørover i dalen.

Den eldste turiststasjonen til Den svenske turist foreininga ligg i Arådalen. Den første vesle bygningen vart reist her i 1895, medan den noverande vart bygd i 1909. Stasjonen er berre open sommaren. Området er eigd av den svenske kyrkja, og det vart reist eit kapell ved stasjonen i 1970-åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

62°56′N 13°38′E / 62.933°N 13.633°E / 62.933; 13.633