Jordnøttolje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Arachisolje)
Hopp til navigering Hopp til søk
Jordnøttolje eller peanøttolje.

Jordnøttolje, arachisolje eller peanøttolje er ei vegetabilsk olje laga av peanøtter (jordnøtter). Olja er lysegul og nesten luktfri. Ho kan ha ein mild smak, men olje laga av rista peanøtter har ein tydeleg peanøttsmak. Ho blir brukt som matolje på om lag same måte som olivenolje i hushaldningar og i næringsmiddelindustrien. Jordnøttolje er særs stabil og ikkje-tørrande. Over 50 % av feittsyreinnhaldet er oljesyre, 20–30 % er linolsyre. Olja inneheld også små mengder linolensyre og mindre mengder palmitin-, stearin- og arachidinsyre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Jordnøttolje» (14. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 12. juli 2015.