Peanøtt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peanøtt
Peanøtt
Peanøtt
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Erteblomordenen Fabales
Familie: Erteblomfamilien Fabaceae
Underfamilie: Faboideae
Stamme: Dalbergieae
Slekt: Arachis
Art: Peanøtt A. hypogaea
Vitskapleg namn
Arachis hypogaea

Peanøtt eller jordnøtt (Arachis hypogaea) er ein art i erteblomfamilien og frøa til arten, som også er kjende som jordnøtter. Namnet «peanøtt» kjem frå engelsk peanut ('ertenøtt') og førsteleddet blir uttalt /pi/ eller /pia/ på norsk.

Peanøtter på planten.
Indonesisk sambal goreng teri kacang med peanøtter.

Peanøtta stammar frå Sør-Amerika, men blir i dag dyrka overalt i tropane. Planten er ca. 50 cm høg og har raudgule, sterile blomar i dei øvre bladhjørnene. I dei nedre bladhjørnene sit kleistogame blomar (blomar som set frø utan at dei har opna seg) på skaft. Etter blomstringa forlengar skafta seg seg, bøyer seg nedover og presser den unge frukta, ein tofrøa belg, ned i jorda, der han mognar. Storleiken på belgen varierer, det vanlegaste er ei lengd på 3–4 cm.

Peanøtter er eit viktig produkt som kan etast eller seljast rå, rista eller salta. Store mengder blir mole til jordnøttmjøl som kan brukast til dyrefôr, ofte blanda med anna fôrmjøl. Frøa kan også pressast til jordnøttolje (arachisolje), som blir brukt i hushaldningar og i industrien.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«peanøtt» i Nynorskordboka.

  • «Peanøtt» (25. mars 2014). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 12. juli 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Peanøtt
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Arachis hypogaea