Arbeidsluft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Arbeidsluft er trykksett luft som vert brukt til å driva pneumatiske anlegg og verktøy, og i sandblåsin o.l. Lufta vert ofte berre kalla trykkluft.

Trykket på arbeidsluft ligg vanlegvis mellom fem og ti bar. Om ein treng gass med svært høgt trykk, brukar ein ofte trykksett nitrogen

Ein kompressor vert brukt til å laga arbeidsluft. Lufta vert deretter tørka, for å unngå korrosjon i verktøy og røyr. Før lufta kjem fram til forbrukaren, går ho gjennom eit filter, så partiklar ikkje skal øydeleggja utstyret. Arbeidsluft kan lagrast i trykkflasker eller brukast direkte.

Instrumentluft[endre | endre wikiteksten]

Luft som vert brukt i instrumentering kallast instrumentluft. Instrumentlufta har vanlegvis same trykk som arbeidsluft, men kan ha høgare krav til reinsemd. I eit forgreiningsanlegg kan arbeidsluft og instrumentluft vera to skilde system, men likevel koma frå same stad.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]