Arda i Bulgaria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå òg Arda i Italia.
Arda
elv
Arda River Borislavtsi Bulgaria.jpg
Arda ved Borislavtsi i provinsen Haskovo i Bulgaria
Land Flag of Bulgaria.svg Bulgaria, Flag of Greece.svg Hellas
Nedslagsfelt 5 795 km²
Lengd 290 km
Kjelde Nær Smoljan i Rodopifjella i Bulgaria
 - høgd 1 455 moh.
Munning Maritsa i Hellas vest for Edirne
Wikimedia Commons: Arda River

Arda (bulgarsk Арда, gresk Άρδας, Árdas) er ei elv som renn i Bulgaria og Hellas. Ho har sitt utspring i Rodopifjella i Bulgaria nær landsbyen Smoljan, og renn 290 km austover forbi Kardzjali og Ivajlovgrad, og så inn i Hellas gjennom nordlege delar av prefekturet Évros, inkludert Kastaniés. Ho munnar så ut i elva Évros (Maritsa), like vest for Edirne i Tyrkia. I den bulgarske delen av elva er det bygd tre demningar med tilhøyrande vasskraftverk, Kardzjalidemningen, Studen Kladenets og Ivajlovgraddemningen. 241 km av elva ligg i Bulgaria, og ho er den lengste elva i Rodopifjella. Brua Djavolski most frå mellomalderen er ei bogebru som kryssar elva 10 km frå Ardino.

Tre gongar i 2005 flauma elva over, særleg i Kastaniés-området, der ho gjorde området om til ein lagune. I lag med Maritsa flauma ho inn i gater og bygningar, slik at fleire menneske vart stranda i heimane sine.