Are Strandli
Hopp til navigering
Hopp til søk
Are Strandli | |
Fødd | 18. august 1988 (33 år) Stavanger kommune |
Yrke | roar |
Are Strandli på Commons |
Are Weierholt Strandli (fødd 18. august 1988 i Stavanger) er ein norsk roar som representerer Stavanger Roklubb.
Are Strandli ror dobbeltsculler saman med Kristoffer Brun og dei to har delteke under fleire U23-VM og World Cups.[1] Saman representerte dei Noreg i lettvekts dobbeltsculler under sommar-OL 2012 i London. Dei kom på andreplass i sitt kvalifiseringsheat og gjekk dermed rett til semifinale.[2] I semifinalen gjekk det derimot dårlegare for roarane, og dei rauk ut av OL.[3] Dei enda på ein niandeplass samanlagt.[4]
Under sommar-OL i Rio i 2016 tok Strandli bronsemedalje i finalen i dobbeltsculler saman med makker Kristoffer Brun. [1]
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 «Are Strandli» (engelsk). Det internasjonale roforbundet. Henta 18. februar 2017.
- ↑ NRK.no, 29. juli 2012: Overrasket med andreplass
- ↑ Aftenposten.no, 2 august 2012: Skuffelsen er enorm
- ↑ Resultatliste frå Sports-reference.com
Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1988
- Norske roarar
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg
- Norske deltakarar under sommar-OL 2012
- Roarar under sommar-OL 2012
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2016
- Norske deltakarar under sommar-OL 2016
- Roarar under sommar-OL 2016
- Vinnarar av Fearnleys olympiske ærespris
- Folk frå Stavanger