Arhaugfjorden

Koordinatar: 66°43′50″N 13°30′09″E / 66.73056°N 13.50250°E / 66.73056; 13.50250
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

66°43′50″N 13°30′09″E / 66.73056°N 13.50250°E / 66.73056; 13.50250 Arhaugsfjorden er ein fjordarm av Skardsfjorden i Meløy kommune i Nordland. Han vert stundom rekna som ein del av Holandsfjorden og strekkjer seg 6 km søraustover.

Fjorden har innløp mellom Sirneset i sørvest og Forøyodden i nordaust. På sørsida av fjorden ligg Ågskardet og frå her går det ferje over Esøya på nordsida. Ferjesambandet er ein del av Fylkesveg 17. Forøya og Esøya ligg langs nordsida av fjorden. Fjorden er vinkelforma og frå austsida av Esøya går kysten rett sørover. Fylkesveg 17 følgjer denne sida av fjorden sørover.

Kartskisse med omriss av sjøkant og Svartisen