Meløy kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Meløy kommune
kommune
Ørnes winter.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Nordland
Adm.senter Ørnes
Areal 874 km²
 - land 800 km²
 - vatn 74 km²
Folketal 6 214 (1. januar 2022)
Målform bokmål
Ordførar Sigurd Stormo (Ap)
Kommunenr. 1837

Meløy
66°47′17″ N 13°40′33″ E
NO 1837 Meløy.svg
Wikimedia Commons: Meløy
Nettstad: www.meloy.kommune.no
For øya kommunen har fått namn etter, sjå Meløya i Meløy.

Meløy er ein kystkommune midt i Nordland fylke. Ein har tradisjonelt rekna Kunna som den geografiske grensa på kysten mellom Helgeland og Salten. Etter den definisjonen er Meløy ein helgelandskommune, men i dag er kommunen administrativt og kommunikasjonsmessig ein del av Salten.

Tettstader i kommunen[endre | endre wikiteksten]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Svartisen med bretunga Engabreen gjer ut for ein monaleg del av kommunearealet. Meløy kommune er kommunen i landet med det største arealet av isbre og snø i høve til det totale arealet av fastland og øyar i kommunen, 19 %.[1] Til samanlikning har nummer 2 og 3 på lista Stryn kommune 17 %, og Luster kommune 14 %.

Øyer i kommunen[endre | endre wikiteksten]

Meløy kommune inneheld ei rekkje øyer, dei største folkesette øyene er Åmøya, Meløya, Mesøya, Teksmona, Bolga, Støtt og Grønøya. Skjerpa og Risøya er fråflytta øyer.

Målføre[endre | endre wikiteksten]

Målet i Meløy har vore klassifisert i gruppa av helgelandsmål.

Dei siste tiåra har meløyfjerdingar hatt sterkare knytingar til Salten og Bodø enn til Helgeland, ikkje minst på grunn av kommunikasjonsmessig utvikling, og då særleg etter ca. 1970–1980. Innanfor offentlege tenester og offentleg administrasjon går òg knytingar nordover. Talemålet er derfor i endring i retning av meir saltenmål og meir bymål. (Treng kjeldetilvising.) Gjennom 1900-talet har industristaden Glomfjord hatt påverknad frå innflyttardialektar som igjen kan ha påverka dialekten i andre delar av kommunen.

Festivalar[endre | endre wikiteksten]

Sommerdagan i Meløy var tidlegare eit årleg arrangement i kommunen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Meløy kommune
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.