Arild Fröhlich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arild Fröhlich
Fødd 22. september 1972
Gol
Yrke filmregissør, manusforfattar

Arild Fröhlich (fødd 22. september 1972) er ein norsk filmregissør frå Gol i Hallingdal.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Arild Fröhlich tok utdanning ved fjernsyns- og dokumentarfilmlinja ved Høgskulen i Volda, og vart uteksaminert i 1997. Som ein del av praksisen i utdanninga, fekk han produsera ein episode av fjernsynsserien U for NRK. Etter endt utdanning fekk han starta i NRK si barn og ungdomsavdeling. Her jobba han fyrst for Go' elg før han starta som regissør og manusforfattar for U. Etter dette har han jobba som regissør for Åpen Post og Uti vår hage, med Harald Eia og Bård Tufte Johansen.

Arild Fröhlich har så langt hatt svært stor suksess med spelefilmane han har regissert. Den fyrste spelefilmen han fekk vera medregissør for, var Folk flest bor i Kina frå 2002. Men i 2005 regisserte han Pitbullterje, med m.a. Atle Antonsen, Jørgen Foss, Robert Lindahl Haug og Kristin Skogheim i rollene. som fekk gode salstal og vann Amandaprisen i klassen Beste barne- og ungdomsfilm. Fröhlich sitt neste prosjekt, Fatso kom i 2008. Filmen var basert på ein roman av Lars Ramslie og hadde Nils Jørgen Kaalstad, Kyrre Hellum, Jenny Skavlan og Josefin Ljungman i rollene. Fatso resulterte i nok ein Amanda, denne gongen i klassen Beste regi.

I 2011 hadde Fröhlich sin nye komiserie, Helt perfekt, premiere på TV Norge. Serien handlar om livet til komikaren Thomas Gjertsen med ein halvbiografisk, humoristisk vri.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Heider[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]