Jenny Skavlan
Jenny Skavlan | |
![]() | |
Fødd | 3. juni 1986 (36 år) Oslo |
Yrke | skodespelar, skribent, modell, motedesigner |
Jenny Skavlan på Commons |
Jenny Ebbing Skavlan (fødd 1986) er ein norsk modell, skodespelar, programleiar og forfattar.
Ho vart fyrst kjend gjennom ein reklamefilm for Pizza Grandiosa i 2007, og ho har seinare hatt roller i norske filmar som Fatso, Død snø og Tomme Tønner. Hausten 2008 deltok ho i Skal vi danse på TV 2. I 2012 debuterte ho som forfattar med boka SY OM.
Biografi[endre | endre wikiteksten]
Skavlan vakste opp på Frogner og Bygdøy i Oslo, som dotter av legen Jørgen Skavlan, medan mor hennar er kostymedesignar og tekstilkunstnar.[1] Ho er niese til Fredrik Skavlan og trulova med Thomas Gullestad.
Skavlan gjekk på Fagerborg videregående skole, der ho hadde ein av hovudrollane i den tradisjonsrike Fagerborgrevyen to år på rad.[1]
Eurovision[endre | endre wikiteksten]
Melodi Grand Prix 2013[endre | endre wikiteksten]
Hausten 2012 vart det kjend at ho vil vere programleiar for Melodi Grand Prix 2013, saman med Erik Solbakken.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Jenny Skavlan» frå Wikipedia på bokmål, den 19. oktober 2012.
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 «Vil du også vite mer om Grandiosa-jenta?». kjendis.no (på norsk). Dagbladet. 5. oktober 2007. Henta 19. oktober 2012.