Arild i Skåne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 56°16′10.805″N 12°34′45.646″E

Arild

Arild er ein tettstad i Höganäs kommun i Skåne län i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 537 innbyggjarar.

Badestad og kunstnarkoloni[endre | endre wikiteksten]

Saman med det nærliggande Mölle har Arild vore ein velkjend badestad siden byrjinga av 1900-talet.

Arild var òg ein etablert kunstnarkoloni med kjende namn som Gustaf Rydberg, Gustaf Cederström, Fritz von Dardel, Olof Krumlinde, Isaac Grünewald, Natanael Beskow, Rickard Berg og Herman Österlund samt fleire Skagenmalere, som samla seg på Mor Cillas vertshus. På Kullaberg kunne dei dra fordel av eit sterkt sommarlys som minna om det i Skagen. Ein av dei første kunstnarane som oppdaga Arild var den norske målaren Adolph Tidemand.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

I Arild ligg Arilds kapell, det eianste bevarte frittståande kapellet i Skåne frå mellomalderen. Arild er ein populær sommarby med aktivitetar som golf, sportsfiske, tennis, segling og dykking.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]