Arkhip Kuindzji

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arkhip Kuindzji

Verkeleg namn russisk Архип Иванович Куинджи, ukrainsk Архип Іванович Куїнджі
Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 27. januar 1841
Mariupol uyezd
Død

24. juli 1910 (69 år)
St. Petersburg

Yrke kunstmålar, universitetslærar
Signatur
Arkhip Kuindzji på Commons

Arkhip Ivanovitsj Kuindzji (27. januar 184224. juli 1910) var ein landskapsmålar fødd i Ukraina i Det russiske imperiet.[1] Han var ei tid tilknytt Peredvizjnikij-gruppa.[1]

Læreår[endre | endre wikiteksten]

Viktor Vasnjetsov: Arkip Kuindzji, 1869

Kuindzji vart fødd i 1842 i Mariupol (dagens Ukraina), men budde sine barneår i byen Taganrog. Han voks opp i ein fattig familie, faren var ein greskætta skomakar. Arkhip var seks år då foreldra døydde, frå då måtte han sjølv skaffe seg eit levebrød. Han arbeidde på ein byggeplass der ei kyrkje vart reist, han gjette husdyr, og han arbeidde i butikken til ein maiskjøpmann.

Over ein periode på fem år, frå 1860 til 1865, arbeidde Kuindzji som retusjerar i Isakovitsj sitt fotoatelier i Taganrog. Kuindzji opna sitt eige fotoatelier, utan å lukkast med drifta. Etter det forlet Kuindzji Taganrog og for til St. Petersburg.

I stor grad lærte Kuindzji seg å teikne og måle ved sjølvstudium. For å perfeksjonere seg studerte han måling ved Det keisarlege kunstakademiet frå 1868. I sine tidlege år var han påverka av Ivan Ajvazovskij sine bilete. Han slutta på kunstakademiet i 1872 og arbeidde som frilansar. Måleriet Na ostrove Valaam (På Valaam-øya) var det første kunstverket som Pavel Tretjakov kjøpte til kunstgalleriet sitt. I 1873 stilte Kuindzji ut biletet Snøen, som han året etter fekk bronsemedalje for ved ei internasjonal kunstutstilling i London.

Bjørkhol, 1879

Modne år[endre | endre wikiteksten]

Kuindzji var aktiv medlem av Peredvizjnikij-gruppa frå 1875 til –80. Peredvizjnikij arrangerte vandreutstillingar av bilete måla i realistisk stil. Midt i 1870-åra laga han, i Peredvizjnikij-rørslas ånd, fleire måleri der landskaps-motivet vart gitt ei form som skulle understøtte konkrete, sosiale assosiasjonar (Gløymd landsby, 1874; og Tsjumatskij-stien, 1875; begge i Tretjakovgalleriet). Etter 1880 stilte han seinare aldri ut sine verk.

I si modne periode higa Kuindzji etter å overføre dei mest ekspressive og lyssterke tilhøva i naturen til lerretet. Han nytta seg av samansette biletkomposisjonar (td. høg horisont), og konstruerte panorama-utsikter. Ved bruk av lyseffektar og intense fargar haldne i reine fargetonar, skapte han forestillingar av illuminasjon, opplysing. Mellom dei mest kjente måleria frå denne tida er Den ukrainske natta (1876), Bjørkhol (1879), Etter eit torever (1879), alle tre i Tretjakovgalleriet, og Natt på Dnepr (1880) i Det russiske museet i St. Petersburg. Hans seinare verk er minneverdige gjennom sine dekorative effektar bygt på distinkt fargelegging.

Natt. Hestar beiter, 1905-08

Kuindzji underviste ved St. Petersburg kunstakademi. Han var professor der frå 1892, leiande professor i landskaps-verkstaden etter 1894. Han vart oppsagt i 1897 for å ha gitt støtte til ein student-protest. Mellom elevane hans var kunstnarar som Arkadij Rylov, Nicholas Roerich og Konstantin Bogajevskij. Kuindzji tok initiativet til danninga av Kunstnarforbundet (1909; seinare fekk selskapet namn etter A.I. Kuindzji).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Arkhyp Kuindzhi (Arkhip Ivanovich Kuindzhi) Ukrainian 1905–8». www.metmuseum.org. Henta 11. februar 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Arkhip Kuindzji