Nicholas Roerich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nicholas Roerich
N Roerich.jpg
Fødenamn Nikolaj Konstantinovitsj Rerikh (Николай Константинович Рерих)
Fødd 9. oktober 1947

Nicholas Roerich (9. oktober 187413. desember 1947) var ein russisk kunstmålar og kulturforskar. Han var hovudmannen bak avtalen om bevaring av kulturminne, den såkalla Roerich-pakta. Han var fødd i Russland, men døydde i India. Farssida hans var av svensk-litauisk herkomst.

I Russland[endre | endre wikiteksten]

Roerich avla juristeksamen ved Universitetet i St. Petersburg i 1898 og utdanna seg til kunstmålar ved kunstakademiet i same byen. I 1900 for han til Paris for første gongen og vart der elev hos mellom andre Fernand Cormon. Kunsten hans frå den perioden vert rekna til den såkalla nordiske modernismen.

'Nord-menn gjestar Russland', 1901

Han gifta seg i 1901 med Jelena J. Sjaposjnikova og fekk med henne sønene Jurij Roerich, seinare kjend filolog og tibetolog, og Svetoslav Roerich, også han kunstmålar. I 1906 vart Roerich rektor for den private kunstskulen i St. Petersburg, som han reformerte.

I byrjinga av 1900-talet var han mest kjend for sine teater-oppsetjingar, så som Vårofferet (1913) med musikk av Igor Stravinskij. Det mest kjende måleriet frå perioden er Himmelens kamp (1912), eit forvarsel om første verdskrigen.

Til Finland og USA[endre | endre wikiteksten]

Under den russiske revolusjonen var han busett i Finland. Omkring 1920 kom han til USA, der han reiste rundt med staffeliet sitt og stilte ut bileta sine. I 1921 grunnla han Master Institute of United Arts i New York. Tre år seinare, i 1924, vart det første Roerich-museet opna i New York.

Til India[endre | endre wikiteksten]

I åra 1925-1928 gjennomførte han sin store sentralasiatiske ekspedisjon. Heile familien hans var med, ein tur som var nær ved å ende i ein katastrofe i Tibet vinteren 1927-1928.

År 1935 vart hans Roerich-pakt (Pax Cultura) underskriven, denne handlar om bevaringa av verdas store kulturskattar (i dag verdsarvslista). Frå 1929 til sin død i 1947 budde han i Kullu i India. Der grunnla han og familien hans eit Urusvati. Det var eit internasjonalt forskingssenter, der dei mellom anna arbeidde med det materialet som dei samla inn under reisene i India og Sentral-Asia, reiser som heldt fram på 1930-talet.

Roerich døydde heime i Kullu i 1947. Han let etter seg omkring 7000 måleri, teikningar og teaterdekorasjonar, om lag tretti bøker og ei mengde brev og artiklar. Mange av verka hans har religiøse tema, Roerich var inspirert av både teosofi og buddhisme. Hans siste verk var Den skjulte skatten (1947).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nicholas Roerich

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!