Arkadij Rylov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arkadij Rylov

Sjølvportrett, 1939
Verkeleg namn Аркадий Александрович Рылов
Statsborgarskap Det russiske imperiet, Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken, Sovjetunionen
Fødd 17. januar 1870, 17. januar 1870
Istobensk
Død

22. juni 1939 (69 år)
St. Petersburg

Yrke kunstmålar, grafikar, kunstlærar
Sjanger landskapsmåleri
Medlem av Sovjetunionens kunstnerforbund
Arkadij Rylov på Commons

Arkadij Aleksandrovitsj Rylov (29. januar 187022. juni 1939) var ein russisk-sovjetisk symbolistisk målar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Grøn støy, 1904
I Finland, 1905
I det blå himmelromet, 1918

Rylov vart fødd i landsbyen Istobenskoje i Vjatka-guvernementet. Der voks han opp i heimen til stefaren, som var notar. Han flytta til St. Petersburg og studerte 1888-91 ved sentralskulen for teknisk teikning. 1894-97 studerte han ved St. Petersburgs kunstakademi under Arkhip Kuindzji.

Rylov var med i rørsla Mir iskusstva, og i etterfylgjaren Samlinga av russiske kunstnarar. Seinare var han også medlem av Kunstnarforbundet i det revolusjonære Russland. Attåt dette var han formann i det såkalla Kuindzji-selskapet.

Rylov byrja som historiemålar, eksamensarbeidet ved kunstakademiet var Petsjenegarars overfall på ein slavisk landsby. Med åra vart han i hovudsak landskapsmålar. Men samstundes har mange av bileta hans allusjonar til russisk historie.

Mange av landskapsbileta måla etter oktoberrevolusjonen vart sett som symbol på den revolusjonære fridomen. I desse åra laga Rylov også nokre komposisjonar heilt typisk for sosialistisk realisme, til dømes Lenin i Razliv.

Rylov underviste ved kunstakademiet i St. Petersburg. Atelieret hans var nærast eit lite naturreservat. Der levde ikorn, kaninar og apa Manka. Ville fuglar flaug fritt, og elles var der to maurtuer. I fylgje Mikhail Nesterov elska ville dyr og fuglar Rylov og kom ofte til atelieret hans.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Mellom Rylovs mest kjende verk er Grøn støy frå 1904. Biletet syner nokre lauvtunge bjørketre som svaiar i sterk vind, bakom bjørkene er små skip under segl på ein sjø eller eit hav. Eit anna kjent verk er I det blå himmelromet frå 1918, biletet viser villgjess flygande under ein vid himmel og over eit ope hav der eit seglskip er i fart.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Arkadij Rylov