Arkosaurar
Arkosaurar | ||
| ||
Systematikk | ||
Rekkje: | Chordata | |
Underrekkje: | Vertebrata | |
Klasse: | Reptilia | |
Underklasse: | Diapsida | |
Infraklasse: | Archosauromorpha | |
Vitskapleg namn | ||
Archosauria
Cope, 1869
|
Archosauria er ei gruppe virveldyr som omfattar to gjenlevande dyregrupper; krokodillar og fuglar. Dei utdøydde dinosaurane og flygeøglane vert òg rekna til gruppa.
Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]
Archosaurane vert definert ved fire hovudkaraktertrekk:
- Tennene (om dei er der) er fest i gropar i hovudskallen, noko som gjer at dei er festa betre.
- Det er eit relativt stort holrom i kraniet mellom hola for nasebor og augeholer, noko som gjer at skallen vert lettare å bera. Dette er ei praktisk tilpassing både for enorme dyr som dinosaurane og for flygande dyr som fuglane og pterosaurane.
- Lårbeinet har ein utvekst kalla den fjerde trochanteren. Denne vert nytta hovudsakleg som muskelfeste.
- Små opningar i kjevebeina. Desse kan ha ein avgrensa effekt når det kjem til å redusera vekt.