Armando Filiput
Utsjånad
| Armando Filiput | |
| Statsborgarskap | Italia, Kongedømet Italia |
| Fødd | 19. desember 1923 Ronchi dei Legionari |
| Død | 30. mars 1982 (58 år) Ronchi dei Legionari |
| Idrett | friidrett |
| Tok del i | Sommar-OL 1952 |
Armando Filiput (19. desember 1923–30. mars 1982) var ein italiensk friidrettsutøvar, fødd og død i Ronchi dei Legionari i provinsen Gorizia. Han vart europameister på 400 meter hekk i 1950.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Filiput vart italiensk meister på langhekken i 1946 og perioden 1949-54. Han deltok i sin fyrste internasjonale meisterskap i Brussel i 1950, der han vann EM-gullet på 400 m hekk og fekk ein sølvmedalje med Italia sitt mannskap på 4 x 400 mstafett. På langhekken sette han italiensk rekord med 51,9 sekundar.
Under sommarleikane 1952 i Helsingfors vart Filiput sjette og sistemann i finalen på 400 m hekk, medan han i friidretts-EM 1954 i Bern vart utslått i semfinalane.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Armando Filiput» frå Wikipedia på tysk, den 25. april 2015.