Arms
Hopp til navigering
Hopp til søk
Arms | |
![]() | |
Utviklar(ar) | Nintendo EPD |
---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo |
Plattform(er) | Nintendo Switch |
Utgjeve | INT: 16. juni 2017 |
Sjanger | Slåstarspel |
Spelemodus | Einspelar, fleirspelar |
Arms er eit slåstarspel som er utvikla og utgjeve av Nintendo. Spelet lèt opp til fire spelarar styra ein slåstar kvar for å kjempa mot kvarandre på ulike arenaer. Slåstarane bruker ulike typar utstrekkjelege armar for å slå, kasta, blokkera og dukka unna. Spelet har ti ulike slåstarar, med ulike eigenskapar og manøvrar. I tillegg er det ei rekkje spelemodusar for ein eller fleire spelarar, både lokalt og over internett.[1]
Arms vart lansert 16. juni 2017 på Nintendo Switch.[2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Nintendo Switch: Arms». nintendo.no. Henta 19. juni 2017.
- ↑ «Arms release date confirmed for June». Eurogamer. Henta 21. april 2017.